Etter 2023 foreslo Sparebanken Møre eit utbytte på 7,5 kroner per eigenkapitalbevis, som utgjorde tilsaman 371 millionar kroner til eigarane. Det var nesten ei dobling frå året før, då utbyttet var fire kroner per eigenkapitalbevis.
Etter 2024 er forslaget 6,25 kroner, som utgjer tilsaman 311 millionar kroner.
Banken er dels eigd av eigenkapitalbeviseigarane og delvis sjølveigd. Utbytte til eigenkapitalbeviseigarane betyr også avsetning til samfunnsnyttige formål, tilsvarande den sjølveigande andelen av eigarskapet til banken. Det vil utgjere 332 millionar kroner.
Færre med vanskar
Den siste 12 månadarsperioden har banken hatt ein utlånsvekst på 6,5 prosent (7,2 prosent i 2023). Utlån til privatkundar auka med 7,5 prosent (5,9 prosent i 2023) og utlån til næringslivet med 4,3 prosent (9,2 prosent i 2023). Utlaån til privatkundar står for 66,4 prosent av alle utlån frå banken.
Samanlikna med 2023 er det færre privatkundar som har fått betalingsutsetting på låna sine i 2024 enn i 2023. I næringlivsmarknaden er det lavt nivå på misleghald og tap i dei fleste bransjar, skriv banken i kvartalsrapproten per 4. kvartal.
Svakare enn gjennomsnittet
Etter ein kursoppgang som starta i slutten av september i 2024 har kursen på eigenkapitalbevisa til Sparebanken Møre stige (sjå grafikk under) opp mot rekordnivået frå januar 2022, då kursen var oppe i 97,80 kroner per eigenkapitalbevis. I går var kursen 97,20 kroner.
Samanlikna med indeksen for eigenkapitalbevis, som viser gjennomsnittsutvikling for alle bankar med børsnoterte eigenkapitalbevis har Sparebanken Møre har ei dårlegare utvikling den siste 12-månadersperioden. Indeksen har stige 36,19 prosent, Sparebanken Møre 14,03 prosent.
Sparebanken Møre | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 2401 | 2195 |
Resultat før tap | 1446 | 1336 |
Resultat før skatt | 1426 | 1389 |
Sparebanken Møre | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 589 | 577 |
Resultat før tap | 354 | 335 |
Resultat før skatt | 333 | 452 |
Les også
Vil betale ut meir enn 371 millionar til eigarane - og endå litt meir i gåvemidlar.
Sparebanken Møre har auka utlånstakten til næringslivet. Fall på børsen.
Rekordhøg utlånsvekst førre kvartal. Vil bruke tid til å svare ut pålegg frå Finanstilsynet.
Sterk utlånsvekst og over 100 milliard i forvaltingskapital.

Eigenkapitalbeviseigarane i Sparebanken Møre | ||
Dei 20 største per 31. desember 2024 | ||
Antal bevis | Eigarandel i prosent | |
Sparebankstiftelsen Tingvoll | 4.837.394 | 9,71% |
Verdipapirfondet Eika egenkapital | 2.447.968 | 4,92% |
Wenaasgruppen as | 2.200.000 | 4,42% |
Spesialfondet Borea utbytte | 2.064.668 | 4,14% |
Verdipapirfondet Pareto Aksje Norge | 1.829.227 | 3,67% |
MP Pensjon | 1.798.905 | 3,61% |
Kommunal Landpensjonskasse | 1.692.107 | 3,40% |
J.P. Morgan SE (nominee) | 1.687.199 | 3,39% |
Wenaas EFTF as | 1.100.000 | 2,21% |
VPF Fondsfinans utbytte | 800.000 | 1,61% |
Beka Holding as | 750.500 | 1,51% |
Lapas as | 627.000 | 1,26% |
BKK Pensjonskasse | 470.888 | 0,95% |
Forsvarets personellservice | 461.000 | 0,93% |
Sparebankstiftelsen Sparebanken Møre | 360.750 | 0,72% |
Hjellegjerde Invest as | 300.000 | 0,60% |
Sparebanken Møre | 259.658 | 0,52% |
U. Aandahls Eftf as | 250.000 | 0,50% |
Pibco as | 229.500 | 0,46% |
Kveval as | 218.124 | 0,44% |
Publisert: 30.01.2025 07:25
Sist oppdatert: 05.02.2025 17:02