Den nye plansjefen tok ein Tante Sofie
BYGGE BRU: Anette Solbakk er ny leiar for planavdelinga i Ålesund kommune og understreka at ho ville bygge bru mellom kommuneadminstrasjonen og næringsinteressene.
Nytt

Den nye plansjefen tok ein «Tante Sofie»

Anette Solbakk åtvara utbyggjarar i Ålesund om at kommunen vil bruke mindre tid til å «reparere planforslag» framover. I staden vil dei kome i retur.

Marius Rosbach
30.10.2020
Nær 100 personar var samla under Byggebørsen i bankettsalen ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund torsdag. Då fekk også Ålesund kommune sin nye leiar for planavdelinga, Anette Solbakk, presentere seg for mange av utbyggjarane i regionen.
Det er en kjent sak at det kan oppstå nokre motsetningar mellom dei som vil bygge og utvikle områder, og ei kommune som skal sjå til at reglar og planar blir følgt.

Må prioritere tøffare

Solbakk nytta tida til å klargjere deira forventningar, og kom samtidig med fleire løfter.
Ho påpeika at kontoret vil vere nøydd til å prioritere hardt mellom oppgåvene framover. Ei av årsakene er at dei no har 11,5 årsverk til rådigheit i nye Ålesund kommune, mot 15 årsverk då det var fem kommunar.
Dei har også tilsett nokre nye folk som treng tid på å komme seg inn i jobben. I tillegg har koronapandemien gitt nokre ekstra utfordringar.

– Det blir litt «Tante Sofie»

Ein av tinga dei vil ta tak i på plankontoret, er kor mykje tid som nyttast på å «reparere planforslag som ikkje er gode nok».
– Det blir litt «Tante Sofie» over dette, men om dokke held dokke til dei overordna planane, så skal eg love at ting vil gå lettare. Vi skal også vere tydelege tidleg i prosessen, slik at vi slepp fleire rundar med diskusjonar i etterkant, sa ho.
Planleiaren påpeika at ein konsekvens ville bli at fleire forslag enn bransjen har vore vande med, vil kome i retur med beskjed om å gjere ein betre jobb.
– Bruk skikkelege folk til å gjere arbeidet, var rådet frå Solbakk.

Vil prioritere private planar

For tida er det 120 planar som er i prosess i kommunen. Samtidig viser tal at det er blitt rullert betydeleg færre planar dei siste åra. Solbakk peika på søylene som viste nedgangen og lova at det skulle bli høgare tempo.
– Vi vil prioritere private planar meir og er nøyd til å få gjennom dei planane som ligg i kø, la ho til.
Ho viste også til at årsaka til at det tek lengre tid enn ein kanskje kunne ønske, er fordelt både på kommune og utbyggar.
Det er stor skilnad i alder på kommunedelplanane i dei no samanslåtte kommunane. Ørskog har ein plan frå 2006, medan dei andre kommunane har planar som er frå 2015 eller nyare. Samfunnsdelen i Ålesund er no ute på høyring, og førebuingane for å rullere arealdelen er i gong.

– Ein god del lokale prosjekt

Kommunalsjef Ole Andreas Søvik for miljø, by og stadutvikling innleia den «kommunale delen» av programmet og erkjente at nye Ålesund hadde fått betydeleg negativ merksemd sidan fem kommunar blei til ein frå årsskiftet.
Særleg fadesen med feil utrekning av gebyr hausta kritikk i lokalpressa.
– Det står likevel ikkje så ille til som ein kanskje skulle tru. Vi er i ferd med å sette i gong ein god del lokale prosjekt, og håpar å få ein langt betre dialog med næringslivet framover, sa Søvik.

Lang ønskeliste

Bransjeforsamlinga fekk også presentert ei solid smørbrødlista med aktuelle investeringar dei komande åra.
Alt frå barnehagar, skular, badeanlegg, idrettshallar og nye bustader står på «ønskelista» for kva som kan byggast.
Søvik påpeika at han var spent på korleis lista såg ut etter at politikarane har sagt sitt allereie neste veke. Då kjem budsjettet for neste år opp til behandling.

Les også:




Det blir litt «Tante Sofie» over dette, men om dokke held dokke til dei overordna planane, så skal eg love at ting vil gå lettare

Publisert: 30.10.2020 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04