Denne baaten har over 6 000 landingar med gangvegen
KONTRAKT: Island Crown under mobilisering i Great Yarmouth. Ein kan sjå installasjonsfartøyet av vindturbinane i bakgrunnen.
Nytt

Denne båten har over 6.000 landingar med gangvegen

Island Crown er sikra arbeid til neste sommar etter nytt walk to work-oppdrag for britisk havvind-satsing.

19.06.2019
- Vi gler oss over meir arbeid for Island Crown, og spesielt når det vert framhald for same kunde.
- Dette gir stabilitet for både mannskapet og oss som eigarar, og både vi og kunden sparar tid på å gjere seg kjende.
Det seier adm. dir. Håvard Ulstein i Island Offshore etter at det Ulsteinvik-baserte selskapet har inngått ny kontrakt med Siemens Gamesa Renewable Energy for Island Crown.

Rett over til ny langtidskontrakt

Sluttkunden er ScottishPower Renewables, men berre avbroten av nokre dagar med vedlikehald, kan Island Crown gå frå eine langtidskontrakta til den andre på oppdrag av Siemens Gamesa Island Crown etter å ha avslutta jobben på Beatrice Offshore Windfarm.
- Siemens Gamesa har i dei siste 11 månadane vist seg å vere ein framifrå chartrar og samarbeidspartnar, og vi ser fram til godt samarbeid vidare, seier Ulstein.
I pressemedldinga blir det vist til at om bord er det plass til 100 personar i lugarar av høg standard og med god komfort.

40 teknikarar

Blant anna huser Island Crown 40 teknikarar i installasjons- og oppstartsfasen av vindfarmen 'East Anglia ONE' utanfor kysten av Suffolk.
Gangvegssystemet om bord i båten syter for at personellet går trygt til og frå jobb på vindturbinane.
Island Offshore viser til at det at teknikarane kan bu om bord i periodar på opp til to veker i slengen og slepp dagleg båttransport til og frå land, aukar effektiviteten på dette store infrastrukturprosjektet.

Har overført 40.000 personar

102 vindturbin-generatorar skal i drift på East Anglia ONE, og skal produsere rein og fornybar energi til det britiske markedet.
Totalt vil feltet kunne produsere straum nok til 630.000 heimar årleg.
Island Offshore opplyser at sidan levering i 2013 har Island Crown no passert 6.000 landingar med gangvegen, med overføring av 40.000 personar mellom fartøy og installasjon.

Publisert: 19.06.2019 16:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36