Denne baaten sette verdsrekord
REKORDLAST: Brønnbåten <i>Havtrans</i> (tidlegare <i>Stormy</i>) frakta nyleg 580.075 kilo laks på ein kjøl. Det er ny rekord.
Nytt

Denne båten sette verdsrekord

Selskapet Norsk Fisketransport er i dialog med Havyard om bygging av ein nye brønnbåt med runde tankar. Nyleg sette selskapet rekord.

23.04.2015
- Vi frakta 580.075 kilo laks på ein kjøl. Det er ny verdsrekord, seier adm. dir Harry Bøe i Norsk Fisketransport, eit selskap som er lokalisert i Namsos i Nord-Trøndelag.
Rekorden vart sett med brønnbåten Havtrans, som tidlegare heitte Stormy. No vil selskapet ha fleire slike båtar.
- Planen er å byggje ein ny båt etter same lest som brønnbåten Stormy.
- Vi er kjempefornøgd med båten og dei tekniske løysingane.

Kjøpte tre Fosnavåg-båtar

Selskapet har ti brønnbåtar etter at ein i oktober i fjor kjøpte alle tre brønnbåtane til Herøy-selskapet Fosnavaag Wellboat.
Fosnavåg-selskapet fekk då om lag 500 millionar kroner for dei tre brønnbåtane Viktoria Viking, Viktoria Lady og Stormy.

Dårleg start

Størst interesse var det knytt til kjøpet av Stormy, som var ein nyutvikla brønnbåt i regi av Havyard.
Stormy har ein lastekapasitet på på 3200 kubikkmeter og vart rekna som eit flaggskip i brønnbåtmarknaden. Men det starta dårleg med mykje død laks på dei første turane.
Tank- og rørsystemet fungerte dårleg, det måtte gjerast omfattande endringar og Havyard måtte ta store tap.

Vil byggje meir

Harry Bøe seier at båten no fungerer godt. Så fornøgd er han at selskapet planlegg å bestille ein båt til som er bygt etter same lesten.
- Vi meiner vi kan klare 650 tonn med ein slik båt. I tillegg kan vi ha ei fart med rundt 14,5 knop lasta. Begge deler er viktig.
Han seier at for dei er det runde tankar som gjeld, sjølv om det totale tankarealet vert mindre enn ved bruk av rektangulære tankar.
- For det første kan vi ha mykje større tettheit på laksen, og vår erfaring er også at laksen trivst betre.

Han vil ikkje tidfeste når neste brønnbåt vert bestilt.
- Vi jobbar med saka, seier han.

Godt samarbeid

Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group stadfestar at selskapet er i dialog med NFT.
- Vi har eit tett og godt samarbeid med selskapet, og ønskjer å gjere nye prosjekt saman med dei.
Han vil ikkje kommentere kor tett ein er på ein endeleg avtale.
- Vi er eit børsnotert selskap, så det kan eg uansett ikkje seie noko om.
Havyard har elles ein brønnbåt til NFT under bygging. Brønnbåten skal heite Namsos, og er søsterskipet til Havtrans. Skipet skal leverast i slutten av året.
Vi meiner vi kan klare 650 tonn med ein slik båt

Publisert: 23.04.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44