Denne karen utfordrar villaksen på Sunnmøre
Oteren var utryddingstrua i Sør-Noreg, men er no tilbake i elvane på Sunnmøre, der han tar grundig for seg.
– Oteren er tilbake og gjer det han skal, nemleg ete fisk, seier forskar Marius Kambestad i forskingsinstituttet Norce LFI.
Kambastad leier prosjektet Meir laks og sjøaure på Sunnmøre, som er finansiert av mellom andre Miljødirektoratet, Lekseelvene på Sunnmøre og Hofseth Aqua. Prosjektet har som mål å kartleggje årsakene til at bestandane av villaks og aure minkar i ein del sunnmørselvar.
Sykkylven og Vartdal
No tyder eit delprosjekt på at oteren er ei ekstra utfordring for villaksen i enkelte elvar. Eit merkeforsøk viste at laksen i Aureelva i Sykkylven for det meste klarer å unngå oteren ved å gøyme seg i kulpar og innsjøar, medan oteren tar fleire laks i den grunnare Søre Vartdalselva i Vartdal.
Forskarane i Norce LFI er urolege for korleis oteren kan påverke dei allereie hardt pressa laksebestandane og ønskjer no å diskutere situasjonen med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Miljødirektoratet og elveeigarlaga. Målet er å bidra til ei kunnskapsbasert forvalting på Sunnmøre og å leggje til rette for sameksistens mellom fisk og oter og samtidig ta vare på lokale interesser som laksefiske.
Publisert: 23.11.2021 13:36
Sist oppdatert: 23.11.2021 14:58