Der small det skikkeleg i Nordsjøen
Enorme ratehopp når riggen Ocean Endeavor skal flyttast.
Solstad Offshore-skipet Normand Prosper får 140.000 britiske pund i døgnet, tilsvarande vel 1,6 millionar kroner, når skipet torsdag startar på arbeidet med å flytte riggen Ocean Endevor på britisk sektor i Nordsjøen.
Det er mange år sidan ein har sett tilsvarande rater for eit riggflytt. Dette opplyser skipsmeklaren Westshore på si heimeside.
Den Brattvaag-bygde ankerhandlaren på 95 meter har stor trekk-kraft, og har fått avtale med Shell på fire dagar fast, og inntil ytterlegare ti dagar.
Miste Russland - kjemperater i UK
Endå betre betalt får Viking Supply Ships for sine to isforsterka ankerhandlarar Magne Viking og Brage Viking, også med stor trekk-kraft.
Ifølgje Braemar ACM har Shell leigd inn dei to 86 meter lange skipa for 150.000 britiske pund i døgnet, tilsvarande vel 1,7 millionar kroner.
For Kristiansand-baserte Viking Supply Ships er dette ei god erstatning etter at selskapet på grunn av krigen i Ukraina og tilhøyrande sanksjonar miste kontrakter i Karahavet i Russland i sommarsesongen i år og neste år for dei fire skipa Magne Viking, Brage Viking, Loke Viking og Njord Viking.
Kamp om skipa
Ifølgje månadsmagasinet Seabreeze til skipsmeklaren Seabrokers er det no svært stramt i Nordsjøen med lite tilgjengeleg tonnasje, både for ankerhandlarar og PSV-ar.
For sistnemnde kategori var det på det meste 120 skip i opplag, men no er ein stor del av desse selde, skrapa eller bygde om til andre formål, og det er få båtar som konkurrerer om oppdraga, noko som fører til kraftig rateauke.
Snittratene for PSV-ar har dobla seg samanlikna med mai i fjor. Endå større auke har snittratene for store ankerhandlarar. Her låg snittet i mai i år på 36.865 britiske pund, mot berre 12.843 britiske pund i mai i fjor. Det er likevel langt opp til dei siste ratene for riggflytten av Ocean Endeavor.
Rett opp på børsen
Fleire offshoreselskap har ein eventyrleg oppgang på børsen siste månadene. Solstad Offshore har gått opp 154 prosent siste tre månader, og heile 630 prosent på eitt år.
Viking Supply Ships har på si side auka børsverdien med 93 prosent siste tre månader, og 153 prosent på årsbasis.
Den høge oljeprisen, færre tilgjengelege skip og høgare rater har også sendt kursen på dei børsnoterte offshoreselskapa i nordvest kraftig opp.
Havila Shipping-aksjen er opp 283 prosent siste tre månader, og solide 502 prosent på årsbasis.
Golden Energy Offshore Services-aksjen heng litt etter, men er likevel opp 39 prosent siste tre månader, og 187 prosent på årsbasis.
Publisert: 07.06.2022 08:22
Sist oppdatert: 07.06.2022 13:07