Designkontrakt til Ulstein
Skal teikne to konstruksjonsstøttefartøy for vindkraftbransjen.
Kontakten er med nederlandske Acta Marine og skipa skal byggast hos Tersan Shipyard i Tyrkia, med opsjonar på to skip til.
Skipa blir 89,9 meter lange og 19,2 meter breie, med plass til 135 personar.
Designet er Ulstein Group-selskapet Ulstein Design & Solutions sitt SX216-design, populært sagt med baug i kvar ende. Fartøya blir utstyrt med kombinerte metanol-/dieselgeneratorar, ifølgje ei pressemelding.
Prisen på oppdraget er ikkje opplyst. Det er ein rein designkontrakt.
At fartøya blir bygd for å bruke metanol som energikjelde betyr også at dei kan bruke såkalla grøn metanol, som er metanol som er produserte ved ein kombinasjon av utvinning av hydrogen frå elektorlyse av vatn og fangst av CO2.
Ulstein Group har tidlegare både teikna og bygd to konstruksjonsstøttefartøy ved eige verft for det nederlandske reiarlaget.
Publisert: 15.06.2022 09:48
Sist oppdatert: 15.06.2022 12:25