Jan Christian Vestre foto Ogne
PRESSEKONFERANSE: Næringsminister Jan Christian Vestre i skal presentere lønnstøtteordninga i kveld. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Desse får lønnsstøtte

Regjeringa og partane samde om lønnsstøtteordning, erfarer NTB

17.12.2021

NPK-NTB-Marie De Rosa: Bedrifter med eit omsetningsfall på 20 prosent kan få inntil 30.000 kroner per tilsett.

Partane i arbeidslivet har denne veka sete i forhandlingar med regjeringa om ei lenge etterlyst lønnsstøtteordning til kriseramma bedrifter, der målet er å unngå permitteringar.

Ordninga blir presentert på ein pressekonferanse klokka 18.30 i kveld, men allereie no kan NTB avsløre detaljane i forslaget frå regjeringa:

Slik blir ordninga

* Støtta blir utbetalt til verksemder som kan dokumentere eit omsetningsfall på minst 20 prosent på grunn av strenge smittevernreglar.

* Kvar verksemd kan få inntil 30.000 kroner i støtte per tilsett per månad. Beløpet blir tilpassa etter kor stort omsetningsfall kvar verksemd har.

* Det minste ei verksemd kan få utbetalt, er 3.000 kroner per tilsett per månad.

* Kvar verksemd kan maksimalt få 45 millionar kroner i støtte frå ordninga.

* Verksemder som får støtte, får støtte for alle sine tilsette. Ordninga gjeld òg for lærlingar. Det er ein eigen sats for desse.

Permnisjonsforbod
Ordninga får verknad frå 1. desember og vil i første omgang gjelde ut januar 2022. Viss dei strenge smitteverntiltaka held fram, kan det bli aktuelt å forlengje lønnsstøtta med éin månad, det vil seie ut februar 2022.

Etter det NTB erfarer, ligg det eit krav om permisjonsforbod i ordninga. Ei bedrift som får lønnsstøtte, kan ikkje permittere tilsette i perioden dei får støtta.

Fleire bedrifter, blant dei hotellkjeda Scandic, har allereie sendt ut permisjonsvarslar til sine tilsette før jul.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik kjem med ei tydeleg oppmoding til desse:

– Trekk tilbake permisjonsvarsla. Ta i staden i bruk ordninga med lønnsstøtte og hald folk i arbeid der det er mogleg, seier Følsvik til NTB.

Publisert: 17.12.2021 15:21

Sist oppdatert: 17.12.2021 19:56

Mer om