Det er desse vi maa ta vare paa
FRAMTID: Adm. dir. Sturla Henriksen meiner at skipsreiarane må ta eit spesielt ansvar for å redusere skadelege utslepp til sjø og land. Det er viktig for framtida til nye generasjonar, sa Henriksen, og viste bilde av fire barn der han sjølv er far til to og bestefar til to.
Nytt

- Det er desse vi må ta vare på!

Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges Rederiforbund, meiner den maritime næringa må gå i spiss for å redde klimaet for framtidige generasjonar.

01.04.2014
- Det er desse vi skal ta vare på, sa Henriksen til ein fullsett sal med skipsreiarr under årskonferansen til Norges Rederiforbund måndag. Han peikte opp på eit bilde av fire barn; to var hans eigne, to var han bestefar til.
- Dokke lurer sikkert på korleis det er muleg, sa han. - Men også her snakkar vi om at tidene endrar seg, fastslo han, til humring frå salen.

Dyster rapport

Henriksen brukte mykje av talen sin til å fokusere på miljøutfordringar, og det ansvaret han meiner at skipsfarten må ta for å få ned den miljøskadelelege forureininga. Han viste til den siste klimarapporten frå FN sitt klimapanel, som viser at den negative utviklinga går raskare enn ein først hadde trudd.
- Dette var ein enormt nedslåande rapport. Rett og slett dyster lesnad. Vi er nøydde til å handle no, spesielt for framtidige generasjonar, sa han og peikte på bildet.
Han meinte at det ikkje lenger fanst tvil om kva veg utviklinga gjekk, og at problema var menneskeskapte.
- Når vi veit at vi gjer noko som er galt, då må vi faktisk slutte med å fortsette å gjere det som er galt.

Blått hav - grøn framtid

Han meinte at mykje av nøkkelen for å kunne snu utviklinga var at skipsfartnæringa tok eit spesielt ansvar.
- Vi har sjølve laga ein visjon om at vi skal ha null miljøskadelege utslepp til luft eller sjø frå vår flåte. Det er ein start, sa Henriksen og viste til Rederforbundet sin ferske miljøstrategi Blått hav - Grøn framtid.
På 30 år er energiforbruket ved sending av ein kontainer frå Asia til Europa redusert med 90 prosent.
- Men vi skal vidare. Det skal ikkje stoppe her, sa Henriksen.

Åtvara mot cowboyar i Arktis

Han ropte også eit varsku til at det for fort vart for mykje aktivitet i Arktis.
- Dette området er så sårbart at vi absolutt ikkje må sleppe inn ei masse cowboyar der, sa han, og peikte på nytt på bildet av barna og barnebarna.
- Desse barna er dei første som får sjå eit nytt hav opne seg. Eg hadde håpt at dei slapp å oppleve dette, sa Henriksen.
Han opplyste at Rederiforbundet hadde vore med på å setje ned eit Arctic Council for å diskutere tiltak for å regulere aktiviteten i Arktis.
- Vi treng eit nytt regelverk og vi treng internasjonale standarder, sa han.

Motstand mot nye krav

Det eksisterande og komande regelverket for internasjonal skipsfart omfattar for eksempel utslepp av nitrogenoksydar (NOx), svoveloksydar (SO2) og koldioksyd (CO2). I tillegg kjem reglar for ballastvatn og resirkulering av skip.
På lengre sikt diskuterer no IMO (International Maritime Organization) nye krav på område som sotutslepp, tilgroing på skrog og undervass-støy.
Det er usikkerheit knytt til fleire av dei komande krava, og allereie vedtekne krav har møtt motbør. For eksempel har implementeringa av den internasjonale ballastkonvensjonen tatt tid.
Det er også stor diskusjon i IMO rundt strategien for reduksjonen av CO2-utslepp, i stor grad ei usemje mellom industriland og utviklingsland.
Når vi veit at vi gjer noko som er galt, då må vi faktisk slutte med å fortsette å gjere det som er galt

Publisert: 01.04.2014 14:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32