Kvotane på fiskeslaga Lerøy Havfiske i Ålesund har fiska på har blitt redusert siste åra, og i august i fjor rekna selskapet med å måtte legge ein del av båtane i opplag på slutten av året, fordi det ikkje var meir att å fiske på.
Det vart det langt mindre av enn venta, seier Lerøy Havfiske-sjef Eldar Farstad. Grunnen var mellom anna at det vart meir tidkrevande å få tak i fisken, og at det vart høve til å fiske litt meir enn opphavleg bestemt.
Også i år er målet å unngå opplag i særleg grad, mellom anna ved at selskapet har halde att på torskefisket for å ha meir å fiske på i andre halvår. Lerøy Havfisk aukar også fisket etter sei i Nordsjøen. Det er ein kvote reiarlaget tidlegare ikkje har nytta fullt ut på grunn av svak lønsemd, men som no er blitt meir attraktiv på grunn av auka pris på sei.
Torsken veg mest
Torsk sto for berre 20 prosent av fangsten mål i kilo i fjor, men for 42 prosent av fangstinntektene og er det økonomisk viktigaste fiskeslaget for det Lerøy Seafood Group-eigde reiarlaget. i 2023 utgjorde torsken 26 prosent av fangsten i kilo og 48 prosent av av fangstinntektene.
I tillegg til torsk og sei fiskar Lerøy Havfisk også hyse, uer, reker og vassild.
Stigande fiskeprisar dempa effekten av reduserte kvotar i fjor. Ytterlegare prisauke dempa effekten av ytterlegare kvotereduksjonar i år viste 1. kvartalstala til villfisksegmentet i Lerøy Seafood Group, som Lerøy Havfisk er ein del av.
| Lerøy Havfisk as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1803,9 | 2115,4 |
| Driftsresultat | 311,7 | 446,6 |
| Resultat før skatt | 258,4 | 386,1 |
Liten inntektsnedgang
Lerøy Havfisk-konsernet sysselsette 410 årsverk i fjor, 388 av dei på sjøen.
Fiskarane er løna ved ein kombinasjon av fast løn og ein andel av fangsinntektene (lott) og god lønsemd over fleire år har gjort fiskaryrket økonomisk attraktivt.
I 2024 var gjennomsnittsutbetalinga til Lerøy Havfisk-tilsette 1,37 millionar kroner, året før 1,43 millionar. Også fiskarane vil merke at fangsinntektene går ned, men i fjor kompenserte prisauken i stor grad for kvotereduksjonen for Lerøy Havfisk-fiskarane.
Tresifra millionminus
Lerøy Seafood Group eig også fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods med hovudkontor i Tromsø og fleire fiskeindustribedrifter i Nord-Noreg.
Lerøy Norway Seafoods er både ein stor kunde av Lerøy Havfisk og leigetakar i anlegg fiskebåtreiarlaget eig.
Medan fiskeri er lønsamt, også med reduserte kvotar, har industriverksemda slite.
Siste år Lerøy Norway Seafoods gjekk i pluss var i 2012 og underskotet har med få unntak blitt større og større for kvart år, med ny botnrekord i 2024.
Medan fiskebåtreiarlaget delvis er kompensert av høgare prisar når fiskekvotane har falle betyr prisauken og kvotereduksjonen både reduserte kapasitetsutnytting og høgare råstoffkostnadar per kilo for produkta frå fiskeindustrien.
| Lerøy Norway Seafood as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1061,1 | 1375,8 |
| Driftsresultat | -249,1 | -211,3 |
| Resultat ført skatt | -267,3 | -207,6 |
Publisert: 06.08.2025 14:30
Sist oppdatert: 06.08.2025 14:23






