Etter underskot på over 60 millionar kroner i 2016 la Fiskerstrand Verft i Sula nybygging på is og satsa på reparasjon, vedlikehald og ombygging.
Det gav pluss-resultat, men i fjor gjekk skipsverftet på ein ny smell.
"Tatt i betraktning at resultatet for 2024 er preget av påført tap av betydelig størrelse fra et ombyggingsoppdrag, samt lavere aktivitet andre halvår, er styret ikke tilfreds med resultatutviklingen gjennom året og årsresultatet.", skriv styret i årsmeldinga for 2024.
Ferjeombygging
Verftet ønskjer ikkje å gi fleire kommentarar til 2024-resultatet enn det som står i årsmeldinga, heller ikkje kva ombyggingsoppdrag som gav det store tapet.
Det går imidlertid fram at det ombygginga av ei ferje det er snakk om.
Oppdrag med å bygge om bilferja Fanafjord frå å gå på naturgass til å gå på diesel blei offentlegjort av verftet i november 2023. Fjord1 selde ferja til Canada, men den måtte byggast om før levering.
I årsmeldinga for 2024 står det at verftet hadde fire ombyggingoppdrag i fjor. Tre vart ferdig i første halvår, med gode resultat. Det fjerde var ombygging av ei ferje, ifølgje årsmeldinga
"Det siste ombyggingsoppdraget ble levert desember 2024 og resulterte i et betydelig tap for selskapet, noe årsregnskapet bærer preg av.", står det i årsmeldinga.
Vesle julaftan i fjor starta Fanafjord på turen frå Fiskarstrand til Canada, fortalde Sunnmøsposten.
Auka konkurranse
Verftet venta jamn tilgang på reparasjon- og ombyggingsoppdrag framover, men skriv samstundes i årsmeldinga at få bestillingar av nye skip har auka konkurransen om desse oppdraga.
I fjor sysselsette Fiskestrand Verft 125 årsverk.
Selskapet er eigd av fleire medlemer av Fiskerstrandfamilien, gjennom selskapet Fiskerstrand Holding.
| Fiskerstrand Verft as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 368,3 | 370,0 |
| Driftsresultat | -28,4 | 5,9 |
| Resultat før skatt | -27,2 | 5,7 |
Publisert: 05.08.2025 11:18
Sist oppdatert: 05.08.2025 11:18






