Kraftprisen har stupt siste vekene i takt med mild og våt vinter med stor magasinfylling.
Spotprisen for Midt-Norge var i veke fire på 20,4 øre/kWh. Det var heile 3,2 øre lavare enn veka før, og under halvparten av spotprisen i november.
Og pilane peikar vidare nedover. Enkelte kraftanalytikarar spår spotprisar som nærmar seg null.
I vekesrapporten frå kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi fastslår han at i tillegg til at det er mildt og vått, er det også svake kol- og gassprisar.
- Europa, til liks med den globale marknaden, fløymer over av billeg gass, og lagra er så godt som fulle. Dette gir god tilgang på billeg energi i Europa, men kvoteprisen (CO2) held seg stadig rundt 25 euro pr. tonn, noko som bremsar kraftprisfallet til dømes i Tyskland, skriv Havåg.
- Så lenge vêret og meldingane held fram, vil dei låge kraftprisane vare ved. Det er mykje snø i høgfjellet og det norske snømagasinet er godt over normalen (9TWh over). Snøen ligg høgt og smeltinga kan difor verte sein.
- Dette tyder at spotprisen til våren og utover forsommaren når snøen skal smelte, kan verte låg, spesielt om ein våt vêrtype held fram, fastslår Havåg.
Ut året er fastprisen 25,77 øre/kWh, noko som er eit kraftig prisfall på kort tid.
Selskapet opplyser til NETT NO at det er mange som no satsar på fastpris.
Selskapet trur også at prisen skal stige på sikt, og tilyr no fastpris for 2021 til 32,64 øre/kWh.
Spotprisen for Midt-Norge var i veke fire på 20,4 øre/kWh. Det var heile 3,2 øre lavare enn veka før, og under halvparten av spotprisen i november.
Og pilane peikar vidare nedover. Enkelte kraftanalytikarar spår spotprisar som nærmar seg null.
Meir nedbør
Firevekersvarselet spår at det også vidare vert mykje mildvêr i heile Europa, og mykje nedbør langs norskekysten frå Lindesnes til Nordkapp.I vekesrapporten frå kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi fastslår han at i tillegg til at det er mildt og vått, er det også svake kol- og gassprisar.
- Europa, til liks med den globale marknaden, fløymer over av billeg gass, og lagra er så godt som fulle. Dette gir god tilgang på billeg energi i Europa, men kvoteprisen (CO2) held seg stadig rundt 25 euro pr. tonn, noko som bremsar kraftprisfallet til dømes i Tyskland, skriv Havåg.
Store snømagasin
Han opplyser at på grunn av det store nordiske prisfallet for spotkraft, er det høg differanse mellom nordiske og tyske spotprisar denne vinteren, og dette gir stor krafteksport.- Så lenge vêret og meldingane held fram, vil dei låge kraftprisane vare ved. Det er mykje snø i høgfjellet og det norske snømagasinet er godt over normalen (9TWh over). Snøen ligg høgt og smeltinga kan difor verte sein.
- Dette tyder at spotprisen til våren og utover forsommaren når snøen skal smelte, kan verte låg, spesielt om ein våt vêrtype held fram, fastslår Havåg.
Mange vel fastpris
Tussa opererer no med ein fastpris for andre kvartal på 22,31 øre/kWh.Ut året er fastprisen 25,77 øre/kWh, noko som er eit kraftig prisfall på kort tid.
Selskapet opplyser til NETT NO at det er mange som no satsar på fastpris.
Selskapet trur også at prisen skal stige på sikt, og tilyr no fastpris for 2021 til 32,64 øre/kWh.
Publisert: 29.01.2020 15:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






