Det handlar om aa redde bygdene og naturen
VERDSARV: Arne Sandnes har ivra mot overturisme og for strenge restriksjonar i trafikken på verdsarvfjordane. No synst han det går rett veg. 
Nytt

- Det handlar om å redde bygdene og naturen

Arne Sandnes har fått ein god del kjeft i kampen for verdsarvfjordane, men meiner at det har vore verd det.

21.03.2020
- Ja, det er slett ikkje alle som har vore samde i at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026. Heller ikkje alle har likt idéane om å la cruiseskipa leggje til lenger ute i fjordane og turistane fraktast innover med mindre fartøy.
- Det har vel vore slik at eg innimellom har vore svartelista i hamnestyra.
Det seier Sandnes som er inne i sin tredje periode som leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

- Utruleg gledeleg

Han skulle eigentleg gå av no ettersom han ikkje lenger er ordførar, men koronaviruset har ført til at endringane er utsette.
Han har vore talsmann for strenge restriksjonar, og har ivra for å stenge verdsarvfjordane for dei største båtane. No synst han det går rette vegen med klare utsleppskrav og innføring av ny teknologi.
- No skjer det fort, der ei rekkje selskap kjem med nye miljøvenlege løysingar for å frakta turistar og andre inn fjordane på utsleppsfrie fartøy. Blant anna har Havyard Group lansert eit nytt utsleppsfritt konsept, og fleire andre gjer det same.
- Dette er utruleg gledeleg. No er det ikkje lenger teknologiske barriærer.

Vil ha slutt på overturisme

Men han meiner også at det samla turisttrykket i bygder som Geiranger må reduserast.
- Turismen skal vere med på å støtte opp om bygdene. Slik det har vorte i Geiranger og Flåm, orkar mange av dei fastbuande ikkje å vere her i dei mest hektiske periodane.
- Det er stimling og nedtrakking av tun. Slik kan vi ikkje ha det.
Han har merka ein gryande motstand mot det han sjølv kallar overturisme, spesielt gjennom det aukande talet på cruisepassasjerar som kjem.
- Ser ein på Geiranger, har det ikkje vorte fleire, men færre heilårsarbeidsplassar etter at den store cruisebølgja starta.
- No er folketalet nede på rundt 200. Det burde vore minst det doble.

Vil redde bygdene

Sandnes forstår at mange er skeptiske til å ta imot fleire turistar.
- Sjå berre på Valldal. Der var det planar om cruisekai og mottak av cruiseskip. No er det stor motstand mot desse planane.
Sandnes er ein sterk talsmann for bygdene og bygdesamfunna.
- Vi må ha levande bygder. Då må det ikkje vere slik at turismen vert ein hemsko, i staden for ein styrke.
- På mange måtar er det for å redde bygdene og naturen eg har engasjert meg så sterkt.

- Må slutte å vere grindagutar

Sandnes er samd med Knut Flakk og andre som meiner at ein bør satse meir på kvalitet enn kvantitet, og i tillegg ta meir betalt for dei som kjem.
- Vi må kvitte oss med plassemannsmentaliteten.
- Vi må slutte å vere grindagutar og helse alle velkomen utan å ta betalt.
- Vi må setje grenser og vere kyniske nok til å satse på dei som er villige til å betale.

- Som pyramidene i Giza

Sandnes trur ikkje at det vil føre til inntektsbortfall.
- Nei, tvert imot. Geiranger er Norges største turistikon, og kan godt samanliknast med pyramidene i Giza og den kinesiske mur. Det er klart folk vil hit.
Han rosar Flakk for å vere så tydeleg.
- Dette er modig gjort, men samstundes heilt rett.

Vi må kvitte oss med plassemannsmentaliteten. Vi må slutte å vere grindagutar og helse alle velkomen utan å ta betalt

Publisert: 21.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54