Det hastar å kome i gang på lodda
Uvêr og diskriminering fører til at den norske loddeflåten ved Island slit med å få tatt kvoten sin i år.
SAKA OPPDATERT KL 11:10: 22. februar går fristen for dei norske båtane ut for å fiske lodde ved Island. Hittil har det berre vorte tatt nokre få enkeltfangstar frå dei rundt 50 norske fartøya som deltar i fisket.
Reglane seier at det er kun 30 norske fartøy som får fiske samstundes, slik at det har vore mykje venting for flåten.
I tillegg har lavtrykka stått i kø, og det har berre vore korte perioder der det har vore muleg å fiske.
Leinebjørn-fangst
No er vêret betre, men fangstane let vente på seg.
Unntaket siste døgnet er Herøy-båten Leinebjørn som melde inn 1560 tonn onsdag kveld.
Smaragd-fangst
I dag, torsdag 17. februar, vart det i tillegg meldt inn 2050 tonn frå Heræøy-båten Smaragd. Ein ventar no på resultatet på auksjonen.
Tysdag melde Straumberg 500 tonn, medan det måndag var fire innmeldingar, der Christina E frå Herøy hadde største fangsten på 1950 tonn, ein fangst som vert levert til Karmsund Protein.
Forrige veke var det samla kvantumet kun på 1500 tonn, og mesteparten av den totale kvoten på 145.362 tonn står dermed framleis att.
Diskriminering
Den norske flåten har endå eit problenm, det er at dei må fiske lodde med not, medan islendingane og andre nasjonar Island deler loddekvote med kan fiske md trål.
Dette har ført til at fiskeri- og havbuksminister Bjørnar Skjæran har tatt kontakt med sin islandske kollega for å ta opp det som vert karakterisert som diskriminering av norske fiskarar.
Så lagt har det ikkje kome noko konkret ut av samtalane, men Skjæran opplyser at han kjem til å jobbe vidare med saka, og ta det opp i internasjonale fora.
I ei pressemelding viser Skjæran til at islandske fiskarar ikkje vert diskriminerte når dei fiskar i norsk sone.
- For Norge vil tilgang for fleire fartøy i sonen og utvida fangstperiode bidra i ein vanskeleg situasjon, seier Skjæran (Ap).
Publisert: 17.02.2022 08:04
Sist oppdatert: 17.02.2022 11:10