NTB f KN5st RE9fw
SILD: Det er faktisk mogleg å «lure» silda til å endre gytetidspunkt. Illustrasjonsfoto: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet
Nytt

Det var vår - silda trudde det var haust

Havforskarar lurte silda til å endre gyteperiode.

NPK
16.05.2022

Norske havforskarar narra norsk vårgytande sild til å tru at det var haust når det eigentleg var vår. Då endra silda gyteperiode.

Kvart år i februar-mars kjem store mengder norsk vårgytande sild inn til kysten for å gyte. Dette er i motsetnad til mesteparten av silda i Nordsjøen, som gyter om hausten. Forskarane ved Havforskingsinstituttet ynskte å finne ut kva som gjer at den vårgytande silda gyter om våren, og om det var mogleg å endre gytetidspunkt.

– Vi ville teste om gytetida er påverka av daglengda, som aukar om våren og minkar om hausten, seier leiar for prosjektet, Florian Berg, til nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Testing over 3,5 år
For å finne ut av dette har Berg og kollegaene hans gjort eit eksperiment over tre og eit halvt år. Dei avla opp larvar av vårgytande sild i to like tankar.

I den eine tanken styrte dei lyset slik at det følgde den naturlege dagslysvariasjonen i havområdet utanfor Bergen, der silda blei fanga.

I den andre tanken vart lysregimet endra med eit halvt år, slik at dagane her vart lenger medan dei vart kortare i naturen, og motsett.

Temperatur, mattilgang og andre miljøforhold var elles identisk i dei to tankane.

Skauv gytinga i seks månader
Resultatet viser at silda venta til dei opplevde at dagane blei lengre før dei vart gyteklare, slik at heile prosessen vart skoven på med seks månader.

Dermed kan dei slå fast at det er lengda på dagane som styrer den biologiske klokka til silda.

Publisert: 16.05.2022 15:32

Sist oppdatert: 16.05.2022 15:36

Mer om