Norwind gale dåp 11
SEGLAR INN PENGAR: Norwind Gale vart døypt i 2023 og eitt av skipa som gjorde 2024 til eit rekordår for Norwind Offshore. Reiarlaget i Ålesund plasserer seg heilt i toppen når det kjem til lønsemd i Nett No si resultatoversikt for reiarlaga på Nordvestlandet. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Nett No-barometeret: Nytt godt år

Dempa inntektsvekst, men også 2024 blei eit godt år på Nordvestlandet.

14.09.2025

ANALYSE:

Bedriftene på Nordvestlandet hadde samla eit resultat før skatt på 7,2 prosent av driftsinntektene i fjor. Det er eit godt resultat, i og med at det er snakk om gjennomsnittet, der også einskildbedrifter som gjekk på ei smell og bransjar som hadde det tungt er med i reknestykket.

Det er framleis inntektsvekst, sjølv om veksten er lågare enn dei to førre åra. Legg til låg arbeidsløyse over fleire år, så er det grunn til å konkludere med at det går godt for næringslivet på Nordvestlandet. Utfordringa for bedriftene er snarare å rekruttere enn å få etablert nye arbeidsplassar. 

Lønsemda var eit lite hakk betre i 2023, men framleis god nok til å konkludere med at 2024 vart eit godt år. 

  • Sjå tabell under 

Til samanlikning låg resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene nær eller under null i fleire år etter oljeprisfallet i 2014, som utløyste krise for offshorereiarlaga og ordretørke hos skipsverfta.

Målt i kroner auka 54 prosent av selskapa resultat før skatt samanlikna med 2023, i Nett No si oversikt for 2024. 73 prosent hadde inntektsvekst.

Artikkelen held fram under tabellen

Næringslivet på Nordvestlandet 2024-2020     
Tal i milliardar kroner     
      
      
 

Drifts-inntekt

Drifts-resultat

Res.f.
skatt

Drifts-margin i prosent *

Resultat-margin i prosent **

202426422198,4 %7,2 %
202325222218,6 %8,3 %
202223517167,3 %6,7 %
202119713146,8 %7,2 %
20201729105,3 %5,9 %
      
Tabellen er basert på rekneskapa til selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekt i 2024. I alt omfattar det 3475 selskap, i Nordfjord, på Sunnmøre og i Molde, Rauma og Vestnes. * Driftsmargin er driftsresultat i prosent av driftsinntekt** Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntekt  

Kjelde: Bisnode

 

     

Meir om den årlege oversikta

Utgangspunktet for denne artikkelen er ei oversikt Bisnode har laga for Nett No kvart år frå 2013. Det er ei oversikt over dei økonomiske resultata til bedrifter med hovudkontoradresse på Sunnmøre, i Nordfjord og i Molde, Rauma og Vestnes.

Oversikta omfattar selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekt i 2024. I alt er det snakk om tal for over 3400 selskap. Oversikta går kvar gong fem år attende for dei same selskapa, slik at den viser utviklinga år for år. Omorganiseringar, oppkjøp, samanslåingar og at nokre selskap nederst på lista kjem inn og andre fell ut, gjer at oversiktene ikkje er identiske år for år, men tidsserien på fem år attende sikrar likevel eit samanlikningsgrunnlag.

Maritim bransje dreg opp
Akkurat som i 2023 er vekst for verft, annan maritimt industri og offshorereiarlag ein viktig del av forklaringa på dei gode tala for 2024. Også brønnbåtbransjen hadde eit godt år i 2024.

Av dei 10 selskapa med størst auke i resultat før skatt er både Vard og Ulstein Verft, samt tre offshorereiarlag. Vard, Ulstein Verft og Vard Electro toppar også lista over selskapa med størst inntektsvekst frå 2023 til 2024 - målt i kroner - og dei har med seg Myklebust Verft blant dei 10 på topp rangert etter inntektsvekst i fjor.

Under vignetten Nett No-barometeret har vi allereie publisert fleire artiklar om 2024-resultat og utviklinga for fleire bransjar.

Reiarlag, verft og anna maritim industri er allereie omtalt.

Magert for møbel - og tøft i byggebransjen
Både fabrikkane og butikkane i møbelbransjen gjekk på ein smell etter boomen under koronapandemien, då folk pussa opp og kjøpte nye møblar, fordi dei ikkje lenger kunne bruke pengar på reiser. Straks reiserestriksjonane vart oppheva etter pandemien kom ein bratt nedtur, som vart forsterka av rente- og prisauke. No er det imidlertid teikn til at botnen er passert, og bransjen er inne i ein forsiktig vekst.

Det same gjeld for bilbransjen, der nybilsalet er opp 25,6 prosent på landsbasis per utgangen av august 2025

Bygg- og anleggsbransjen på Nordvestlandet hadde inntektsnedgang i fjor og for store deler av bransjen er det snakk om små marginar og tøff konkurranse. Det er kostnad- og renteauke som slår negativt ut. Dei to siste kvartalsrapportane frå Noregs Bank sitt regionale nettverk rapporterer imidlertid om auka optimisme og forventingar om fleire oppdrag.

Les alle bransjeoversiktene for 2024 i lenkene under:

Les også

Publisert: 14.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 14.09.2025 17:20

Mer om