I løpet av dei siste vekene har eit heilt spesielt bygg teke form i utkanten av Ulsteinvik sentrum.
I løpet av kort tid er det reist eit bustadhus i tre etasjar ved hjelp av eit nytt elementbasert system. Metoden er utvikla av selskapet Erlebygg og bygget er det første som blir oppført på denne måten.
– Vi meiner dette er framtidas «folkebygg» som både vil bli det rimelegaste alternativet, og definitivt det mest miljøvennlege, seier dagleg leiar Georg Grimstad i Erlebygg til Nett No.
Det er snakk om eit beresystem for bygg med delar som kan brukast om igjen i nye konstruksjonar.

Har fått patent på løysinga
Onsdag var fleire aktørar samla for å fortelje pressa om løysinga. Grimstad fortel at dei er svært nøgd etter at bygget er kome opp.
– No er vi spente på kva erfaringar byggherren vil ha vidare og kva innsparingar ein kjem fram til, seier han.
Systemet inkluderer alt frå sjakter for trappar og heis, til dekke for baderom med integrerte varmekablar klargjort med hol for sluk og tekniske gjennomføringar.
Metoden er patentert og godkjent for bygg opptil fire etasjar, pluss kjellar.
Nett No omtala i 2022 løysinga, som selskapet har jobba med å utvikle sidan. Gründeren i MMC First Process, Leif Gjelseth, er mannen bak ideen om å bygge hus på ei ny måte. Han fekk tidleg med seg arkitekt Georg Grimstad til å utvikle ideen vidare.

– Alle delane kan brukast opp att
Byggemetoden skal mellom anna gjere sjølve byggeprosessen enklare og billigare. Standardiseringa gjer at både arkitekt, rådgivande ingeniør og entreprenør sparar tid.
Grimstad anslår at det kan vere mogleg å spare kring 20 prosent av kostnadene samanlikna med tradisjonelle løysingar.
At delane kan brukast om igjen i nye bygg gjer naturlegvis klimaavtrykket gjennom heile elementa sin levetid, langt lågare enn ved andre byggemateriale.
– Alle delane kan brukast opp att både to og tre gonger, seier Grimstad.
– Eit bygg som blir rive i dag utgjer både mykje avfall, kostnader og eit problem for naturen. Men eit Erlebygg har ein verdi og kan brukast om att igjen, legg han til.

Utført med millimeterpresisjon
Grimstad fortel at entreprenøren fekk montert opp elementa i løpet av 77 timar utan erfaring med systemet frå før.
HR Rise Bygg er entreprenøren som monterer bygget. Medeigar Peter Rise fortel at han er spesielt imponert over korleis arbeidet er utført med millimeterpresisjon.
– Det vart mykje rettare enn eg hadde trudd, seier Rise.
Dei 15 centimeter tykke betongelementa er klare for legging av fliser eller trinnlydsplater.
– Mykje av gevinsten er å gjere med graden av nøyaktigheit ved bygget. Det gjer at det blir mindre arbeid å ta igjen i ettertid, samstemmer Idar Moldskred i Conplan.

Skal ut i marknaden
Med det første bygget på plass, er planen at løysinga skal starte å gi meir inntekter for selskapet.
Framover håpar dei å overtyde fleire aktørar til å ta i bruk løysinga, og dei har allereie avtalt møter med fleire som skal kome for å sjå på bygget. Gründerane trur mindre bustadblokker og institusjonsbygg kan vere spesielt eigna prosjekt for bruk av metoden.
– Det er ein kamp for å finne løysingar som er reelle for berekraft for bygg Vi meiner å ha argumenta på vår side, seier Grimstad.
Vidare har selskapet under utvikling ei digital løysing der kundane kan lage sine eigne modellar av Erlebygg-hus. Undervegs skal dei få fagleg rettleiing for å sikre gode konstruksjonar.
Ut frå dette blir det laga forslag til dokumentasjon for prosjektet, og ein prisantyding med basis i ulike byggmaterial.

Publisert: 07.05.2025 17:03
Sist oppdatert: 07.05.2025 22:38






