Av dei 35 av deltakarane i 2025/2026-sesongen av Næringsteft som valde å melde seg på konkurransedelen av programmet er det no fem igjen.
Næringsteft er Sparebanken Møre sitt gründerarrangement. Det er er ein kombinasjon av nyttig kursing i å starte bedrift, i drive fram ideeutvikling og trening i å presentere ideen for potensielle investorar.
Dei fem finalistane vart kåra etter ein konkurranse der 12 semifinalistar presenterte sine idear for juryen i dag, tysdag 24. februar.
Finale under Børs og Bacalao
Vinnaren av førstepremien på ein milion kroner blir kåra under Sparebanken Møre sitt investorarrangement Børs og Bacalao torsdag 12. mars førstepremien på ein million kroner kåra.
Dei øvrige finalistane får 200.000 kroner i premie og semifinalistaner får 50.000 kroner.
Denne sesongen er niande gang Næringsteft blir arrangert

Satsar på lokalmat
Lars Inderberg og Magnus Kvendseth Øye i selskapet Nodian satsar på å vinne fram med ideen om eit distribusjonssystem for lokalt produsert mat som byggjer på og vidareutviklar systemet som Recoringen driv med i dag.
Målet er å koble bonde og forbrukar direkte gjennom nettsida Matkurven, der kjøpar og selgar både kan ordne bestilling, betaling og avtale levering direkte seg i mellom.
| Næringsteftfinalistane 2025/2026 | |||
|---|---|---|---|
| Selskap | Kommune | Idé | Personar |
| Senior Labs as | Kristiansund | Trenings- og navigasjonsteknologi for ortopedisk kirurgi | Erling Andrea Fagerlie, Vidar Fagerheim, John Magne Hoseth, Bjarte Løfaldli |
| Etterspurt as | Vestnes | Lokal arbeidsmarknadsplattform for Nav og arbeids- og inkluderingsbedrifter | Ingvild Hage |
| Nodian as | Hustadvika | Gjere lokalmat meir synleg og effektivisere direktesal | Lars Inderberg, Magnus Kvendseth Øye |
| Prodsync as | Ørsta | Planlegging- og styringsverktøy for aktørar i live- og eventbransjen. | Asbjørn Velde Ebbesvik, Ole-Martin Steinnes |
| Done IT as | Averøy | App for å velge rett verneutstyr | Lars Bratsberg Aae, Kristianne Bratsberg Aae, Torbjørn Aae |
Publisert: 24.02.2026 15:56
Sist oppdatert: 12.03.2026 17:32






