NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen: Måndag la statsminister Jonas Gahr Støre (AP) fram planen for 2025-2029.
Tidlegare har det vorte lagt fram såkalla regjeringserklæringar, med punkt frå A til Å om alle dei politiske områda.
Men denne gongen har regjeringa laga ein meir overordna plan. Støre har vist til at dette er bygd på erfaringar dei fire første åra i regjering.
– Denne planen peikar ut områda der vi skal gjennomføre reformer og fornye samfunnet. Planen byggjer på Arbeidarpartiets partiprogram og løfta vi gjekk til val på i 2025. For å tilpasse oss utviklinga, både i Noreg og verda rundt oss, vil planen bli revidert kvart år. Måloppnåinga avheng av det økonomiske handlingsrommet, skriv regjeringa.
Den 13 sider lange planen er stykka opp i fem hovuddelar: Tryggleik for økonomien, tryggleik for arbeids- og næringslivet, tryggleik for barn og unge, tryggleik for helsa og tryggleik for landet.
Vil utvise fleire
I den sistnemnde bolken blir det lista opp innstrammingar i innvandringspolitikken.
– Innvandring har gjort Noreg til eit meir mangfaldig samfunn. Samtidig kan ikkje Noreg ta imot fleire enn vi klarer å integrere. Innvandringspolitikken skal vere kontrollert, rettferdig og berekraftig, heiter det.
Mellom anna vil regjeringa i 2026 skjerpe vilkåra for familieinnvandring. Noreg skal også ta ei aktiv rolle i det europeiske migrasjonssamarbeidet for å sikre ei meir berekraftig innvandring til Europa, heiter det vidare.
Grensekontrollen skal også skjerpast, og reglane for bortvising vil bli gjennomgått.
– Regjeringa vil gå gjennom reglane om bortvising og utvising for å sikre at utlendingar som gjer seg skuldig i kriminalitet, blir sende ut av landet, heiter det.
Bustadbygging og KI
Regjeringa vil leggje til rette for at det kan setjast i gang bygging av 130.000 nye bustader innan 2030.
Det heiter også at 80 prosent av offentlege verksemder skal bruke kunstig intelligens i 2026.
For å kunne få 150.000 fleire i arbeid vil regjeringa styrkje arbeidslinja med mål om ein sysselsetjingsdel på 82 prosent innan 2030.
Regjeringa vil i løpet av neste år investere i fem nye sjukehusutbyggingar, og dei lovar også starte arbeidet med å realisere høyreapparatgarantien.
Skattekommisjon og klima
Regjeringa lovar i planen å setje ned ein skattekommisjon i løpet av 2026.
Dei lovar samtidig ein omstillingskommisjon som skal vurdere korleis Noreg skal styrkje konkurransekraft og økonomi i møte med minkande olje- og gassaktivitet.
Regjeringa fastslår også at Noreg skal nå klimamåla sine.
– I 2026 vil vi mellom anna leggje fram ein plan for korleis Noreg skal no det nye Paris-målet for 2035, heiter det.
Publisert: 15.12.2025 10:22
Sist oppdatert: 15.12.2025 10:22






