Dette skipet skal gaa paa ammoniakk
PSV: Viking Energy skal byggast om og vert det første offshoreskipet som går på ammoniakk.
Nytt

Dette skipet skal gå på ammoniakk

Forsyningsskipet «Viking Energy» skal byggjast om, og får vatn og nitrogen som einaste utslepp.

23.01.2020
NPK: Fartøyet skal forsyne plattformer og riggar på norsk sokkel.
Forsyningsskipet er eigd av og drevet av reiarlaget Eidesvik. I 17 år har skipet gått på kontrakt for Equinor, noko det skal halde fram med også etter at det blir utsleppsfritt, skriv
– Dette er eit banebrytande prosjekt som viser korleis vi kan ha null utslepp frå skipsfarten i åra framover, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen, til kanalen.

Heilt utsleppsfritt

Skipet, som i dag går på flytande naturgass, skal dei neste fire åra byggjast om til å bli heilt utsleppsfritt.
Den største endringa blir ettermontering av ei stor brenselcelle drevet av ammoniakk, som er framstilt av fornybar energi. Det nye energisystemet skal gjere det mogleg for skipet å segle på reint drivstoff i opptil 3000 timar kvart år.
– Når du bruker ammoniakk i brenselsceller slepp skipet ut rein nitrogen og vatn. Dersom ammoniakken blir produsert ved hjelp av fornybare kjelder, så er det heilt grønt, seier Bern Skeie, administrerande direktør i Prototech AS.

100 EU-millionar

Reiarlaget Eidesvik Offshore, NCE Maritime CleanTech, Prototech AS, Equinor og ti andre selskap står bak prosjektet, som har eit budsjett på 230 millionar kroner. Prosjektet har blitt tildelt 100 millionar kroner av EU, og alle industripartnarane går inn med eigen innsats for å få det finansiert.
Ein del av prosjektet blir å jobbe fram ein fornybar og utsleppsfri produksjon av ammoniakk, slik at skipet faktisk blir heilt utsleppsfritt. Dette er også ein del av føresetnaden frå EU.
– Ammoniakk har ein høgare energitettleik enn det ein klarer å få til med hydrogen. Dette gjer at ein kan segle lange distansar, seier Skeie til NRK.
Dette er eit banebrytande prosjekt

Publisert: 23.01.2020 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51