Regjeringa vil heve bøtesatsene for bruk av handhalden mobiltelefon under køyring til 7.450 kroner, ein auke på 49 prosent frå dagens nivå.
Det kjem fram av eit høyringsnotat regjeringa har sendt ut om generelle oppjusteringar av bøtesatsene, ifølgje bilmagasinet Motor.
Trur mange brukar mobil
I dag er det høgare bøter for å køyre på raudt lys enn for å bruke mobilen medan ein køyrer. Bota for å køyre på raudt lys er 6.800 kroner, medan bota for å bruke mobilen medan ein køyrer, er 5.000 kroner.
I høyringsnotatet viser regjeringa til at dei trur bruksforbodet mot handhalden mobiltelefon i bil ikkje blir etterlevd i stor nok grad, som grunngiving for forslaget.
– Det er grunn til å tru at bruksforbodet ikkje blir overhalde i tilfredsstillande grad. Det er likevel vanskeleg å fastslå dette presist utan å leggje ned ein uforholdsmessig stor kontrollinnsats.
- Fleire opplysningar peikar likevel i denne retninga, heiter det i høyringsnotatet.
Publisert: 20.12.2021 16:18
Sist oppdatert: 20.12.2021 16:21