Champion Oil Field Wikimedia Commons Delta Squad833
SOLOPPGANG ELLER SOLNEDGANG? Investeringsbrems i oljebransjen har medverka til at oljeetterspørselen kan overstige produksjonskapasiteten allereie i 2024, ifølgje rapport. Biletet viser Champion Oil Field i Storebritannia.Foto:Wikimedia Commons/DeltaSquad833
Nytt

DNB varsler kraftig oljeprishopp

I 2024 kan oljeetterspørselen passere produksjonskapasiteten - og prisen skyte kraftig i veret, ifølgje ny rapport.

26.01.2022

Oljeselskapa har halde att på investeringane og Opec-landa og deira nære samarbeidspartnarar nærmar seg taket for kor mykje dei kan produserer. Slik blir det også nokre år framover, spår DNB Markets i sin siste oljerapport.

Samstundes er oljeetterspørselen nesten attende til nivået før den verdsomspennande koronaepidemien, og er venta å stige meir.

I sitt mest dramatiske scenario i DNB sin rapport, "Oil Market Outlook 2022" går DNB i tillegg ut frå at det ikkje blir nokon avtale mellom USA og Iran. Dermed blir det framleis vanskleg for Iran å få seld oljen sin i verdsmarknaden.

Stangar i taket
Om alle vilkåra for DNB sin prognose blir innfridd er det ein god sjansen for at produksjonskapasiteten i verda blir lågare enn etterspørselen. Det vil rett og slett ikkje vere fysisk mogleg å produserer så mykje olje som marknaden vil ha.

Då blir det både kraftig prisauke og sjanse for store svingingar i oljeprisen, ifølgje rapporten.

Oljeprisen i dag er over 88 dollar fatet, eit nivå som ikkje har vore høgare sidan 2014.

Oppjusterer oljeprisanslag
I sitt mest dramatiske scenario spår DNB ein oljepris på 125 dollar fater i 2024/2025.

Hovudscenariet er at oljeprisen (på nordsjøolje) vil vere 80 dollar fatet i andre kvartal i år og gradvis stige til 90 dollar fatet i 2024/2025. Det er ei oppjustering av førre spådom frå DNB, som var ein oljepris på 71 dollar fatet i andre kvartal år og 80 dollar fatet i 2025.

I verste fall, sett frå oljeprodusentane si side, vil oljeprisen falle frå 75 dollar fatet i andre kvartal i år til 65 dollar fatet i 2025.

Publisert: 26.01.2022 10:01

Sist oppdatert: 26.01.2022 10:02

Mer om