Far sovereign slep foto marius 11
SISTE REIS ETTER FLEIRE ÅR I OPPLAG: Far Sovereign på veg mot opphogging hos Green Yard Kleven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Gryande optimisme etter årelang krise

Forsiktig stigande optimisme hos offshorereiarane i skuggen av koronapandemi, debatten om vidare oljeproduksjon og det grøne skiftet.

12.12.2021
ANALYSE

Etter kvart som det gjekk frå vondt til verre for offshorebransjen, vart det også lenger og lenger mellom aksjeanalytikarane som følgde selskapa.

Etter kvart vart det først og fremst bankfolk og advokatar som brydde seg med denne bransjen, der refinansieringsforhandlingar var det det handla om.

Det er ein prosess som bransjen ikkje er ferdig med, sjølv om nokre selskap er i mål - i denne omgang.

Det største selskapa dei alle, Solstad Offshore, vart samde med kreditorane i fjor, men hadde likevel 19,4 milliardar kroner i renteberande gjeld ved utgangen av 3. kvartal 2021 og hadde eit underskot på 712 millionar kroner i årets ni første månader.

Nett no er kanskje den største spenninga knytta til utfallet for offshorereiarlaga Dof og Dof Subsea, som har arbeidd med ei refinansiering sidan hausten 2019. Siste nytt frå selskapet er at den såkalla "stand still"-avtalen ser ut til å bli forlenga til 31. januar neste år. Avtalen gir selskapet fred til å forhandle med kreditorane, og fristen for å bli samde er forlenga fleire gangar tidlegare.

Dof hadde minus 325 millionar kroner i resultat før skatt i årets ni første månadar og ei renteberande gjeld på 16,6 milliardar kroner.

Aksjekursutviklinga til Solstad Offshore, som er resultatet av samanslåinga av tidlegare Solstad Offshore, Farstad Shipping, Rem Maritime og Deep Sea Supply, viser verdiutviklinga i det som for mindre enn ti år sidan var ein av dei viktigaste motorane for næringslivet på Nordvestlandet. (Kursutviklinga er justert, slik at grafen viser historiske prisar som om dagens Solstad Offshore hadde eksistert sidan år 2000).

SOLSTAD OFFSHORE quote chart
Grafikk: Oslo Børs

Det er lite verdiar att. Heile Solstad Offshore er verdsett til rundt 370 millionar kroner. Det er eit verdifall på over 99 prosent sidan toppen. Også 2021 har vore ein nokså jamn nedtur for aksjekursen, med nye botnnoteringar på rekke og rad.

Så kvifor er det likevel optimisme å spore?

For det første er ikkje alle Solstad Offshore.

Graden av gjeldsbelastning er ulik. Mange selskap vil gå i pluss sjølv om Solstad eventuelt ikkje skulle klare det.

For det andre er det færre skip i marknaden, og dermed mindre konkurranse om oppdraga. Rett nok ligg mange offshorefartøy i opplag, men for kvar dag som går blir det sannsynlegvis færre og færre av dei som nokon gong kjem i arbeid igjen.

Skjerpa miljøkrav reduserer også tilgangen.

I følgje skipsmeklarselskapet Westshore har Green Yard-konsernet så langt kjøpt åtte Solstadskip for å hogge dei opp. Det er seks ankerhandteringsfartøy og to plattformforsyningsskip. Det siste var ankerhandteringsfartøyet Far Sovereign som vart slept til Green Yard Kleven i slutten av november.

Offshorebåtar er og tatt i bruk til andre oppgåver. Ifølgje Westshore er også åtte ankerhandteringsfartøy eller plattformforsyningsskip gjort om til alt frå båtar for oppdrettsnæringa til franske kystvaktskip.

Analyseselskapet Rystad Energy har nyleg anslått seks prosent vekst i investeringane i oljeutvinning på djupt vatn frå 2021 til 2022 og og fire prosent vekst på grunnare vatn. Begge deler dreg med seg fleire oppdrag for offshoreflåten, både konstruksjonsskip, ankerhandteringsfartøy og plattformforsyningsskip. Den veksten er global, og kan medverke til å dra skip ut av Nordsjøen til Brasil, Vest-Afrika og Asia.

I løpet av 2022 og 2023 kjem også verknadane av dei nye skattereglane som vart innført for å stimulere oljeinvesteringane då koronaepidemien kom.

Oljeprisen var tidlegare i haust oppe på sitt høgaste nivå sidan 2014 og ligg framleis over nivået frå før korona.

For det tredje er vindkraftmarknaden i kraftig vekst. Det gir drahjelp også for fartøy som vart bygd for å arbeide for oljeselskapa, men som også kan brukast av vindkraftselskap.

Rystad Energy anslår ei dobling av investeringane i bygging av vindkraftverk frå 2021 til 2025, med Asia og Europa som dei to største vekstmarknadane.

Vindkraft har vore redninga for subseaflåten, meiner Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy og anslår at omlag halvparten av oppdrag til subseaflåten er knytt til utbygging av vindkraftanlegg. (Subseafartøy er skip som er bygd for konstruksjon og vedlikehald av installasjonar og anlegg til havs).

For det fjerde kjem det ikkje nye skip inn i marknaden heller. Nett no har dei fleste reiarane ikkje råd til å bygge nytt, og uansett tek det tid frå eit skip blir bestilt til levering.

Westshore spådde at 2020 skulle bli eit brukbart år for offshorereiarane.

Koronapandemien gjorde den spådommen grundig til skamme. Men det var berre snakk om ei utsetting, som vil forsterke oppturen i 2022 og enda meir i 2023. Mange offshorereiarlag ligg an til overskot både i 2022 og enda meir i 2023, etter Westshore si vurdering.

Publisert: 12.12.2021 06:00

Sist oppdatert: 13.12.2021 13:35

Mer om