Magne Wathne og Else Jenny Staalnacke er tilsett ved Stryn Næringshage. Frå før er næringshagen arbeidsplassen til Torstein Tvinnereim og Knut-Henning Hjellbak.
Ved å styrke seg med to nye tilsette, håpar dei at næringshagen skal vere med å dempe konsekvensane av koronakrisa for lokale bedrifter.
–Vi gler oss til å få med desse to på laget, med Magne på landbrukssida og Else Jenny på merkevarebygging og kommunikasjon. Gjennom å styrke teamet håper vi at vi kan hjelpe til at både etablerte og nyetablerte bedrifter raskare kjem seg på fote igjen, seier dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk i ei pressemelding.
– Det å hjelpe andre til å sjå moglegheiter; dyrke fram den gode idéen og inspirere etablerte bedrifter til å prøve nye strategiar for å styrke og løfte merkevara, er noko eg har jobba mykje med, uttalar ho.
– Då eg hadde eigen praksis som dyrlege, la eg merke til at det var eit stort, unytta potensial innan lokal matproduksjon og reiselivsaktivitetar knytt opp til landbruket i kommunen. Dette har eg fått bekrefta i samtaler med næringshagen. Stryn er ein stor landbrukskommune, og ein enda større reiselivskommune. Eg trur det er grunnlag for at mange fleire kan skape si eiga verksemd med lokal råvareforedling og sal av produkt til turistar og fastbuande. For min del var det berre å gripe fatt då denne sjansen i næringshagen baud seg, uttalar han.
Ved å styrke seg med to nye tilsette, håpar dei at næringshagen skal vere med å dempe konsekvensane av koronakrisa for lokale bedrifter.
Mykje koronahjelp
Næringshagen har nytta mykje av tida dei siste vekene til å hjelpe bedrifter som er råka av følgjene frå pandemien. Dei meiner det er ekstra viktig i krisetider med ein næringshage som har kapasitet og kunnskap.–Vi gler oss til å få med desse to på laget, med Magne på landbrukssida og Else Jenny på merkevarebygging og kommunikasjon. Gjennom å styrke teamet håper vi at vi kan hjelpe til at både etablerte og nyetablerte bedrifter raskare kjem seg på fote igjen, seier dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk i ei pressemelding.
Heimflyttar
Else Jenny Staalnacke har vore i reklamebransjen dei siste ti åra, og gler seg til å frå Oslo og heim til Stryn. Ho trur at bakgrunnen hennar kan kome godt med for å hjelpe kriseramma verksemder.– Det å hjelpe andre til å sjå moglegheiter; dyrke fram den gode idéen og inspirere etablerte bedrifter til å prøve nye strategiar for å styrke og løfte merkevara, er noko eg har jobba mykje med, uttalar ho.
Frå dyrlege til næringsliv
Magne Wathne har bakgrunn som veterinær, noko dei trur kan kome godt med i dialog med landbruk og lokale matprodusentar. Han meiner det er potensial for at fleire Stryn får levebrødet sitt av lokal mat.– Då eg hadde eigen praksis som dyrlege, la eg merke til at det var eit stort, unytta potensial innan lokal matproduksjon og reiselivsaktivitetar knytt opp til landbruket i kommunen. Dette har eg fått bekrefta i samtaler med næringshagen. Stryn er ein stor landbrukskommune, og ein enda større reiselivskommune. Eg trur det er grunnlag for at mange fleire kan skape si eiga verksemd med lokal råvareforedling og sal av produkt til turistar og fastbuande. For min del var det berre å gripe fatt då denne sjansen i næringshagen baud seg, uttalar han.
Eg trur det er grunnlag for at mange fleire kan skape si eiga verksemd med lokal råvareforedling og sal av produkt til turistar og fastbuande
Publisert: 04.05.2020 12:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56