Klare til å doble omsetninga
Rask vekst for kveiteyngelprodusent.
- Dersom alt utviklar seg normalt vil omsetninga i 2022 bortimot doble seg i forhold til 2021. Dette gjeld fisk som alt er produsert og vil verte levert utover hausten 2022.
Det seier dagleg leiar Bjørn Ove Stokseth i kveiteyngelprodusenten Sande Seafarm Production i Gjerdsvika.
Selskapet selde kveiteyngel for 6,3 millionar kroner i fjor, og hadde eit resultat før skatt på 3,5 millionar.
Sande Seafarm Production | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 6,3 | 4,4 | |
Driftsresultat | 3,7 | 0,3 | |
Resultat før skatt | 3,5 | 0,2 |
Viktig avtale
Etter å ha fått ein femårig leveringsavtale, pluss opsjon på ytterlegare fem år, med kveiteprodusenten Nordic Halibut på Averøya, har Gjerdsvik-selskapet satsa stort på å utvide kapasiteten.
Blant anna er det bygt to nye oppdrettshallar, der kveiteyngelen skal forast opp frå 25-30 gram til ferdig setjefisk på 150 gram.
Det er også bygt nytt rør- og pumpesystem, til ei samla investering på rundt 25 millionar kroner.
Ny vekst neste år
Bjørn Ove Stokseth opplyser at det for 2023 ligg an til ytterlegare vekst.
- Produksjonen i vårrunden 2022 har gått bra utan at vi vil talfeste dette nærmare.
- Det er snakk om biologi og ingenting er 100 prosent sikkert før ferdig vare er levert og akseptert som OK.
Familiebedrift
Bak satsinga står Stokseth-brødrene Bjørn Ove, Leif Ole og Arild, der dei to første er største aksjonærar med kvar 43,8 prosent.
Dei har bygt opp anlegget sidan 1998, og har blant anna eit stort antal stamkveiter.
Selskapet har fire tilsette, men Bjørn Ove Stokseth seier at det vert fleire.
- Talet på tilsette er tenkt auka med 1-2 nye tilsette i løpet av hausten og komande vinter - alt etter kor effektivt vi klarer å drive det nye setjefiskanlegget.
Selskapet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 13,6 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 12,6 millionar.
Les også
Publisert: 20.07.2022 11:40
Sist oppdatert: 20.07.2022 21:13