20220329 144024
GJERDSVIKA: Bjørn Ove Stokseth i ein av dei mange hallane som nyttast til oppdrett av kveite ved Gjerdsvik-bedrifta. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Brør fekk storavtale på kveiteyngel

Utvidar satsinga på kveiteoppdrett i Gjerdsvika betydeleg.

01.04.2022

- Vi måtte berre hive oss rundt og utvide anlegget. Heldigvis fekk vi god hjelp med teknisk etat i Sande kommune, og vi har klart å gjennomføre utvidinga på rekordtid.

- No ser det bra ut.

Det seier dagleg leiar Bjørn Ove Stokseth i Sande Seafarm Production i Gjerdsvika.

Han eig 43,8 av selskapet, det same som broren Leif Ole Stokseth. Ein tredje bror, Arild Stokseth, eig 12,4 prosent.

- Vi starta opp i 1998, og har bygt oss gradvis opp. Det har vore utruleg mykje arbeid. Alt vi har tent, har vi pløygd tilbake til bedrifta, men no føler vi at det har vore verd all innsatsen.

- Men vi hadde aldri klart det i starten utan å ha med oss Gunnar Skorpen i Plastteknikk som blant anna hjelpte oss med å byggje oppdrettskar, og i tillegg hadde god innsikt i oppdrettsnæringa.

Gunnar Skorpen var med på eigarsida fram til 2012.

Nordic Halibut-avtale
Siste utvidinga er på to hallar på 900 kvadratmeter kvar. Her skal kveiteyngelen forast opp frå 25-30 gram, til ferdig setjefisk på rundt 150 gram. Deretter skal setjefisken fraktast til Nordic Halibut, som er av dei verdsleiande selskapa på kveiteoppdrett.

Investeringa er på rundt 25 millionar kroner, inkludert betre pumpe- og rørsystem.

- Vi har fått lån med Sparebanken Møre og støtte med Innovasjon Norge, seier Stokseth.

Gjerdsvik-selskapet har avtale på fem år, med opsjon på ytterlegare fem år, om å levere all setjefisken ein produserer til Averøy-selskapet.

- Vi har akkurat no 340.000 setjefisk i anlegget, men har no kapasitet til å levere minst 500.000 setjefisk på 150 gram årleg.

20220329 142850
STAMKVEITE: Nokre av stamkveitene til Sande Seafarm Production. Foto: Kjetil Haanes

To gytesesongar
På anlegget har ein i tillegg eit stort antal stamkveiter, der nokre har normalt lys og gyt i mars/april, medan andre er kunstig lysstyrte, og gyt i oktober/november.

- På denne måten får vi utvide gytesesongen.

I eigne kar er dei frimerkesmå kveiteynglane samla og får startfõring. Deretter vert dei flytta til nye tankar for anna type foring etter kvart som dei veks.

- Vi tek oss av heile prosessen frå gyting til ferdig setjefisk. Det tek normalt rundt 16 månader, seier Bjørn Ove Stokseth.

Fekk koronaproblem
Avtalen med Nordic Halibut kom etter at Sogn Aqua sa opp ein avtale om levering av setjefisk, ein avtale som hadde vart i ti-tolv år.

- Koronaen førde til at salet av kveite gjekk kraftig ned. Folk slutta å gå på restaurant, seier Stokseth.

Men Nordic Halibut var klar til å overta, og vel så det.

- For vår del er det ein bra avtale, seier Stokseth.

20220329 144043
KVEITEYNGEL: Sande Seafarm Production skal i år levere 500.000 setjefisk, men håper å kome opp i to millionar. Det tar 16 månader før kveiteyngelen er 150 gram, og klar til å sendast vidare. Foto: Kjetil Haanes
Alt vi har tent, har vi pløygd tilbake til bedrifta, men no føler vi at det har vore verd all innsatsen
Bjørn Ove Stokseth
Sande Seafarm
UTVIDING: Etter avtalen med Nordic Halibut, måtte Sande Seafarm Production utvide med to produksjonshallar på 900 kvadratmeter kvar. Foto: Kjetil Haanes

Treng fleire tilsette
Han ser ikkje vekk frå at det vert ytterlegare utvidingar på anlegget, som ligg i fjøra på Stokset.

- Ja, i så fall vert det å byggje fleire hallar. Vi har plass, og pumpekapasiteten vi har er på heile 50.000 liter i minuttet.

Også fleire tilsette vert det.

- Vi treng to-tre nye i haust. Fullt utbygd kan det vere snakk om rundt 15 tilsette.

Saknar kai
I dag vert setjefisken send med tankbil. Det håper Stokseth det snart vert slutt på.

- Det må 55 vogntog til for å transportere dagens produksjon.

- Om vi aukar til 2 millionar setjefisk årleg i samsvar dagens konsesjon, er det snakk om over 200 vogntog. Dette er ikkje miljølvenleg, og fører i tillegg til ein stor ekstrakostnad.

Stokseth ser i staden for seg at setjefisken kan sendast med brønnbåt frå Gjerdsvika.

- I så fall treng vi ei skikkeleg kai, slik planen var på fyllingane som Kystverket har bygt opp. Dette bør kommunen straks få på plass.

20220329 143707
OPTIMIST: Bjørn Ove Stokseth og brørne har brukt 25 år på å byggje opp anlegget i Gjerdsvika. No ser Stokseth optimistisk på framtida. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 01.04.2022 05:51

Sist oppdatert: 01.04.2022 09:02

Mer om