Doktorgrad gir nytt syn paa foerarlause skip
AUTONOM SKIPSFART: Tore Relling jobbar til dagleg med autonomi i DNV GL. I doktoravhandlinga som han forsvara måndag denne veka, tek han utgangspunkt i systemet for autonom skipsfart, i staden for sjølve fartøya.
Nytt

Doktorgrad gir nytt syn på førarlause skip

Autonom skipsfart har vore eit «buzzord» lenge, men førebels er ingen kommersielle fartøy i drift. Eit nytt perspektiv kan bidra til å sjå nye moglegheiter.

Marius Rosbach
16.12.2020
Ved å ta utgangspunkt i brukarane og systemet gir Tore Relling eit nytt syn på utviklinga av autonome skip i ei fersk doktoravhandling.
Måndag denne veka forsvarte sunnmøringen avhandlinga si ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund.

Einsidig teknologifokus?

– Mitt perspektiv er å sjå på menneske si rolle i utviklinga av autonomi. Sjølv om dette er - og skal vere - ei teknologidrive utvikling, så vil menneska også ha ei viktig rolle i autonome operasjonar, fortel han til NETT NO.

Relling undersøker om mangel på eit slikt perspektiv, og eit einsidig teknologifokus, er noko av årsaka til at ein ikkje har sett den utviklinga fleire har venta seg på dette området.
Han vil ikkje utan vidare slå fast at det er slik, men er overtydd om at ein vil ha nytte av å ta med seg brukarsynet i arbeidet med å få førarlause skip på vatnet i større skala.

Kan stille andre krav til teknologien

I samarbeid med Kystverket sine sjøtrafikksentralar, har Relling undersøkt korleis det er mogleg å utvikle eit maritimt trafikksystem, som legg til rette for autonom skipsfart.
– Ved å regulere trafikken på sjøen og gjere trafikkbildet mindre komplekst, kan sjøtrafikksentralane organisere og regulere trafikken, slik at anna skipstrafikk må segle andre ruter enn dei autonome fartøya, forklarar Relling.
Ein slik tenkemåte, opnar for at det kan stillast andre krav til kva for utfordringar teknologien om bord på autonome skip skal klare å handtere.
– Kanskje treng vi ikkje all teknologien, og at det held at fartøyet har kapasitet til å halde fart og kurs, og legge seg i ro om noko uføresett skjer, seier Relling.

Har henta inspirasjon frå luftfarten

Sunnmøringen har sjølv bakgrunn frå Luftforsvaret, og har henta inspirasjonen frå lufttrafikken i arbeidet. Han meiner det er fleire prinsipp som blir nytta her, som kan vere fruktbart å nytte også i maritime samanhengar.

– Vi ser at det vil vere utfordringar med eit slikt perspektiv. Blant anna ved ved å regulere trafikken på sjøen, blir det mindre fleksibelt. Men det er ei endring som truleg vil skje uavhengig av utviklinga av autonome skip, meiner Relling.
Han peiker på at arbeidet er i det ein kan kalle tidleg designfase, og at det framleis står att mykje arbeid om det skal utviklast til eit fullt brukbart system.
– Det vil gjerne vere ei oppgåve for styresmaktene, men perspektivet opnar døra for å få andre typar debattar enn vi har sett til no, legg Relling til.

- Vi har ein tendens til å gløyme

I avhandlinga peiker han også på det paradoksale at mykje av arbeidet med autonom skipsfart tek utgangspunkt i å «få menneska til å oppføre seg som ei maskin, og maskinane som eit menneske».
Med det meiner han at funksjonen til menneske i eit slikt autonomt system gjerne går ut på å følgje årvakent med via landbaserte stasjonar, og gripe inn om det skjer noko feil. Samtidig blir skipa laga så avanserte at dei nærast skal «tenkje som menneske». Det påpeiker han er ei særs vanskeleg oppgåve, og opnar for at ein må tenke på andre måtar i vidare utvikling.
– Det å ta med brukarsynet er ein lærdom vi har hatt sidan vi starta med automasjon på 1980-talet, men vi har ein tendens til å gløyme. Slik sett dreiar det seg eigentleg om å minne oss sjølv om eksisterande kunnskap, avsluttar Relling.

Les også:




Synspunkt:



Det å ta med brukarsynet er ein lærdom vi har hatt sidan vi starta med automasjon på 1980-talet, men vi har ein tendens til å gløyme. Slik sett dreiar det seg eigentleg om å minne oss sjølv om eksisterande kunnskap

Publisert: 16.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:36