Optimar illustrasjon foto marius 11
MINUS PÅ GAMLE PROSJEKT: Optimar har hovudanlegget på Valderøya, der dette biletet er frå. Dei siste åra har vore tunge for selskapet. 2024 vart det fjerde året på rad med underkskot.Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tresifra millionminus for Optimar

Tøft første år som Optimar-eigar for islandsk kjøpar.

15.09.2025

I årsmeldinga for 2023 spådde Optimar på Valderøya at også 2024 ville blir eit tøft år, og fekk rett.

Eit resultat før skatt på minus 156,4 millionar kroner er nesten tre gangar verre enn i 2023 (sjå tabell).

Inntektene fall 15 prosent frå 2023 til 2024, noko som reflekterer ein utfordrande marknade med høg prisstigning og høge renter, skriv Opimar i årsmeldinga for 2024.

Fallande fiskekvotar i Noreg og negativ effekt av grunnrenteskatten for oppdrettselskapa slo også negativt ut på etterspørselen, ifølgje årsmeldinga.

Fleire oppdrag
Marknaden er utfordrande også i år, men det selskapet har hatt auka ordreinngang i alle segment, skriv selskapet i årsmeldinga.

Optimar lagar utstyr og anlegg for handtering og bearbeiding av fisk, både til oppdrett og fiskeribransjen, både til anlegg på land og ombord i brønn- og fiskerbåtar.

Hovudkontoret ligg på Valderøya, men selskapet har og avdelingar og verksemd på Stette og Stranda, og i utlandet.

Islandsk eigar
I februar i fjor overtok islandske investeringsselskapet Kaldbakur som eigar, etter at det tyske Haniel-konsernet og tilsette selde seg ut.

Kaldbakur er eigd av det islandske sjømatselskapet Samherji, som mellom anna er medeigar i det norske fiskerikonsernet Nergård.

Kaldbakursjef Torgeir Folland seier Optimar-underskotet i fjor skuldast nedskrivingar av verdien på gamle prosjekt og lager, lån, samt tap over drift. 

Han seier han har trua på Optimar, men at det framleis er tøft, og vil bli tøft.

Optimar as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt376,1444,0
Driftsresultat-132,8-91,2
Resultat før skatt-156,4-56,0

Publisert: 15.09.2025 15:30

Sist oppdatert: 04.12.2025 07:22

Mer om