Dommaren ber om forlik
Nytt

Dommaren ber om forlik

Stig Remøy og dei tidlegare krillpartnarane starta rettsak med diskusjonar om forlik.

04.02.2020
Dommar Elisabeth Wiik kom med ei sterk oppfording om at dei tidlegare partnarane i Emerald Fisheries klarer å gjere opp seg i mellom utanom rettsalen.
Rettsaka starta med at partane gjekk kvar til sitt for å vurdere oppfordringa.
Selskapa Ervik Marine as (Ervik-familien i Ålesund), Frode Igland as (Frode Igland i Bergen), Støylebakken as (Jon Reidar Ervik i Ålesund) og Fagerlia Invest (Jørgen Ervik i Ålesund) krev over 25,3 millionar kroner i erstatning frå Stig Remøy for aksjane sine i Emerald Fisheries, etter manglande betaling frå Remøy-selskapet Olympic Holding.

Rettsaka startar i Søre Sunnmøre Tingrett i dag, 3. februar og det er sett av fire dagar til saka.
Stig Remøys selskap Olympic Holding vart partnar og etterkvart største aksjonær i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries, med like over 90 prosent eigarandel. Etterkvart surna samarbeidet og i 2013 kravde dei andre aksjonærane å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Medan Stig Remøy meinte 3,60 kroner pr. aksje var rett pris, ville motparten ha 233,27 kroner pr. aksje. Søre Sunnmøre tingrett konkludert i 2015 med at 35,85 kroner var rett verdi. Det gav minoritetseigarane 25 millionar kroner og verdsette selskapet til 250 millionar.
I ankesaka året etter, i august 2016, kom lagmannsretten fram til omlag same beløp.

Ikkje betalt

Då lagmannsretten konkluderte var både Olympic Holding - som eigde både offshore- og fiskeriselskap - og Emerald Fisheries i krise.
Olympic Holding melde oppbod og det blei opna konkurs 21. desember 2016, dagen etter at selskapet skifta namn til MJ Eigedom.

Konkursen i Emerald Fisheries kom vinteren 2017 etter at gjeldsforhandlingane ikkje førte fram.

Personleg ansvar

Dei fire saksøkjarane meiner Stig Remøy har eit personleg erstatningsansvar etter styreansvarsregelen i aksjelova ved at han før konkursen i Olympic Holding gjorde fleire disposisjonar som svekka Olympic Holding si økonomiske stilling og dessutan behandla dei ulike kreditorane til selskapet ulikt.
"Dersom saksøkte hadde oppfylt sin plikt til aktsom ivaretakelse av kreditorinteressene, hadde det vært midler i selskapet til å gjøre opp saksøkernes krav ved forfall", skriv advokatfirmaet Kluge i sluttinnlegget.

Avviser ansvar og årsak

Stig Remøys advokatar i Adviso Advokatfirma avviser skuldingane og kravet mot Remøy.
Vilkåra for at Remøy er erstatningspliktig etter aksjelova er ikke oppfyllt. Det er heller ikkje noko erstatningsberettiga tap og heller ikke nokon årsakssaksamanheng mellom det påståtte tapet og handlingane/manglande handlingane som motparten meiner har påført dei tap, argumenterer Adviso-advokatane.
I sluttinnlegget skriv Remøy sine advokatar og at alle transaksjonane som motparten viser til blei gjennomført etter at det blei henta inn verdivurderinga frå uavhengig tredjepart.
"På beslutningstidspunktet eksisterte det ingen alternativ og høyere markedspris verken for overdratte fartøy eller fiskerkonsesjoner", skriv Adviso i sluttinnlegget.

Publisert: 04.02.2020 11:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51