Sore sunnmore tinghus 1 1 foto Domstoladministrasjonen
KJEM TILBAKE: Søre Sunnmøre Tingrett, med sete i Volda, kan gjenoppstå som sjølvstendig domstol dersom regjeringa får det som den vil. Foto: Domstolsadministrasjonen
Nytt

Domstolreversering ut på høyring

Vil ha tilbake dei gamle domstolane.

26.01.2022

NPK-NTB: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) set i gang reverseringa av domstolsreforma. Senterpartiet vil ha full kommunal sjølvråderett.

– Vi foreslår å ta tilbake dei 60 sjølvstendige domstolane vi hadde før førre regjering sentraliserte domstolsstrukturen, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NRK.

Det betyr mellom anna at Søre Sunnmøre tingrett i Volda gjenoppstår som sjølstendig domstol.

Startar oppdeling
Domstolsreverseringa er noko regjeringspartia gjekk til val på. No blir det sett i gang. Mehl har lagt forslaget til ny reform ut på høyring. Den skal reversere førre regjerings domstolsreform, som reduserte talet på tingrettar frå 60 til 23.

Høyringsfristen er på tre månader. I utgangspunktet foreslår regjeringa full reversering, men det blir lagt opp til at kommunane sjølv skal kunne få bestemme.

Fleire, særleg i domstolane og rettsmiljøet, har vore kritisk til ei reversering. Mehl seier at kommunane skal få velje om dei vil ha domstolen sin tilbake, men at ein også må sjå på heilskapen.

Partikollega Marit Arnstad seier til Adresseavisen at kommunane må få bestemme.

– No gjeld det for kommunane å kjenne si besøkstid. Det er dei som veit best korleis domstolane fungerer i lokalmiljøa, seier Arnstad.

Svekkjer rettstryggleiken
Høgres Ingunn Foss, som sit i justiskomiteen på Stortinget, kallar det reverseringsmani. Ho meiner reverseringa vil svekkje rettstryggleiken.

– I denne saka verkar regjeringa resistent mot fakta. Dei overser blindt at Høgsterett, juristforbundet, dommarforeininga, domstolsadministrasjonen og dessutan alle førstelagmennene og sorenskrivarane i landet er for dagens organisering av tingrettane, seier Foss.

Publisert: 26.01.2022 07:53

Sist oppdatert: 26.01.2022 08:01