NY Rune Sjurgard Sølvi dimmen Stein Aam Ole Kvelstad skjønssak volda ørsta foto Ogne 1
BLEI IKKJE SAMDE: Volda og Ørsta greidde ikkje å bli samde om erstatningsoppgjeret etter at indre del av Hjørundfjorden blei flytta frå Ørsta til Volda. I dag møtes dei i skjønsnemda. Frå venstre kommunedirektør Rune Sjurgard og ordførar Sølvi Dimmen (Sp) i Volda, ordførar Stein Aam (Sp) frå Ørsta og Ørsta sin advokat, Ole Kvestad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dragkamp om kraftinntekter

Ørsta meiner dei taper 180 millionar kroner på at Volda overtok bygdene innerst i Hjørundfjorden.

14.01.2022

Er verdien av inntektene frå kraftrettar og anlegg større enn kostnaden med å halde bygdene Skjåstaddalen, Bjørke, Finnes, Leira og Viddal gåande?

Det skal skjønsnemnda ta stilling til, etter at bygdene blei overførde frå Ørsta til Volda frå 1. januar 2020, som ein del av kommunereformen til regjeringa Solberg.

-Sterkt svekt økonomisk
Utan erstatning vil Ørsta kommune tape 180 millionar kroner i inntekter dei neste 20 åra, sa ordførar Stein Aam frå Ørsta i si innleiing til skjønsnemnda.

- Utan desse økonomiske midlane vil Ørsta kommune bli sterkt svekt økonomisk, sa Aam.

Det er ordførar Sølvi Dimmen i Volda ikkje samd i. Dei samla inntektene til Ørsta blir ikkje vesentleg svekte av endringa av kommunegrensa, sa Dimmen i sitt innlegg. Dermed har Ørsta heller ikkje krav på erstatning.

Hovudkravet frå Ørsta kommune er ei erstatning som er knytt til prisutviklinga på kraft framover, med full kompensasjon for tapte inntekter i 15 år og deretter ei nedtrappingstid på fem år. Dersom skjønsnemnda konkluderer med ei eingongserstatning er kravet frå Ørsta 110 millionar kroner.

Sju representantar for Volda og åtte frå Ørsta deltek på skjønsnemnd-møtet.

Bjørke foto Ogne
KVA ER VERDIEN: Bygda Bjørke er ei av bygdene innerst i Hjørundfjorden som blei flytta frå Ørsta til Volda frå 1. januar 2020. Bygda husar mellom anna Tussa sitt største kraftverk, som er ei stor inntektskjelde for kommunen. Foto: Ogne Øyehaug

Usamde om verdien
Ørsta kommune har tidlegare foreslått at Volda kommune skal betale 6,5 millionar kroner for kommunalt finansierte anlegg og utstyr i bygdene.

Dessutan skal kraftinntektene frå fallrettane til Tussa-anlegget innerst i fjorden delast 50/50 i 15 år frå 2020 og deretter fem år med nedtrapping, slik at i 2040 tek imot Volda kommune alle inntekter.

Dette blei kommunane ikkje samde om, skreiv Møre-Nytt i juni 2020. Dermed ble det ei skjønsnemnd som skal avgjere saka, og den møtest i dag, under leiing av lagdommar Ørnulf Røhnebæk.

Tek for hardt i
Volda kommune har argumentert med at Ørsta tek for hard i når kraftinntektstapet blir anslått til 10-12 millionar kroner i året, og at det og følgjer kostnadar med det kommunale tilbodet til innbyggjarane i bygdene.

– Det er tydeleg at Volda og Ørsta kommune har ulikt syn på fakta når det gjeld dei økonomiske konsekvensane. Dette viser også nødvendigheita av å løfte saka opp til sentral skjønsnemnd, står det til svaret frå Volda kommune, skreiv Møre-Nytt i januar 2021.

Volda argumenterer og med at det eventuelle tapet for Ørsta er relativt lite og at det uansett er urimeleg at Volda skal bli sittande med rekninga for ei endring av kommunegrensene som er ein konsekvens av statlege vedtak.

Publisert: 14.01.2022 09:50

Sist oppdatert: 14.01.2022 10:36

Mer om