Dramatisk utan laerlingar
BETRE LØNSEMD: Jostein Bøe er dagleg leiar for Stryvo Group. Han eig 65,99 prosent av aksjane i selskapet. Arild Bødal eig 34,01 prosent. Selskapet prioriterte lønsend føre vekst i l fjor.
Nytt

Dramatisk utan lærlingar

Jostein Bøe i Stryvo Group har dobla talet på lærlingar på fem år.

22.05.2020
I dag har Stryvo Group seks lærlingar og om lag 70 tilsette.
- Dramatisk vil eg sei, svarar Stryvo-sjef Jostein Bøe om korleis rekrutteringssituasjon ville vore om bedrifta ikkje hadde trappa opp satsinga på lærlingar.
I dag er fleire avdelingar bygd opp av folk som har vore lærlingar, og Bøe seier dei som er rekruttert frå lærlingestillingar bidra til ein stor effektivitetsauke.

Auka lønsemd

Stryvo Group er ein mekaniske industribedrift med hovudkontor i Stryn og avdelingar i Oslo og Bismo.
I fjor gjekk driftsinntektene ned og lønsemda opp, (sjå tabell). Det er resultatet av ein medviten strategi.
- Vi har fokusert meir på lønsame prosjekt og har mindre fokus på omsetning, og det har vi lukkast med, seier Bøe.

Korona-smell

Etter ein god start på 2020 kom koronaepidemien.
Nokre utanlandske tilsette i sentrale posisjonar reiste heim då epidemine kom. Det reduserte produksjonskapasiteten, og dermed også driftsinntektene, og seskapet permitterte ein del tilsette for å redusere kostnadane
- Vi klarer ikkje budsjett, seier Bøe om konsekvensen av epidemien for selskapet. Så langt i år går likevel alle selskap i konsernet i pluss, og Bøe håpar å kome it av 2020 i alle fall i balanse.
Vi har fokusert meir på lønsame prosjekt og har mindre fokus på omsetning, og det har vi lukkast med

Publisert: 22.05.2020 07:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57