Havstrand bat foto kv
IKKJE GODKJENT: Elisabeth Strand har årelang erfaring i leiinga av reiarlaget som eig og driv Havstrand (biletet) og Strand Senior, men vart ikkje godkjent som majoritetseigar av Fiskeridirektoratet og Nærings og fiskeridepartemenet då ho og søstera ville dele verksemda seg i mellom, og eige og drive kvar sin båt i eigne heileigde selskap.
Nytt

Dro til sjøs då departementet sa nei

Søstrene Janne Grete Strand Aanes og Elisabeth Strand ville dele Strand Havfiske seg i mellom, men fekk avslag. Då mønstra den eine på som fiskar.

28.08.2025

Saka til søstrene Janne Grete Strand Aasnes og Elisabeth Strand er ei av årsakene til at bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt ber om ei oppmjuking av reglane for kven som kan eige fiskefartøy. 

Det blir mellom anna tema på Fiskebåt Vest sin fiskerikonferanse i Ålesund fredag 29. august. 

Dei to søstrene eig fiskebåtreiarlaget Strand Havfiske 50,116 prosent og 49,884 prosent gjennom kvar sine selskap, Nikaro og Komma.

Reiarlaget eig frysetrålaren Havstrand og ringnotsnurparen Strand Senior, gjennom to dotterselskap med same namn som fartøya.

Planen er ei oppdeling der Elisabeth Strand blir eigar av datterselskapet Havstrand, og Janne Grete Strand Aasnes blir eigar av Strand Senior.

Deltakarlova i vegen
Deltakarlova stiller krav om at såkalla aktive fiskarar må eige meir enn 50 prosent av eit fiskebåtreiarlag. 

Bakgrunnen for regelen er eit ønske om mellom anna å bevare eitt spreidd eigarskap og lokal forankring. Opphavleg var definisjonen av ein aktiv fiskar, ein person som hadde arbeidet sitt ombord i båten. Undervegs er definisjonen utvida til å omfatte såkalla administrative reiarar - ein fiskebåtreiar som sit på land og administrerer fiskebåtreiarlaget.

Janne Grete Strand Aasnes er innafor definisjonen, og er dagleg leiar i Strand Havfiske og dei to datterselskapa. 

Men no når ho og søstra ønskjer å dele eigarskapet er problemet at Elisabeth Strand er utanfor, trass i årelang erfaring i leiinga av Strand Havfiske. Dermed kan ho heller ikkje blir godkjent som majoritetseigar i eit fiskebåtreiarlag har Nærings- og fiskeridepartementet avgjort.

Difor har Elisabeth Strand mønstra på hos Strand Senior. Det stadfestar Janne Grete Strand Aasnes. 

Ved å arbeide om bord i kalenderåra 2025, 2026 og 2027 skal ho få den fartstida ho treng for å kome innafor definisjonen som gir rett til å vere majoritetseigar i eit fiskebåtreiarlag.

Vil ha oppmjuking
I eit brev til Nærings og fiskeridepartementet i mars i år bad Fiskebåt om instruksen for deltakarlova blir endra slik at eigarskapet kan fordelast på fleire såkalla administrative reiarar, og ikkje berre ein:

"Fiskebåt mener at situasjonen i dag gjør det naturlig å vurdere om flere på eiersiden kan være administrerende redere, og om det kan lempes på kravene til hvilken stilling eller rolle i rederiet som kan godkjennes som administrerende reder.", skriv organisasjonen i brevet.

Fiskebåt vil likevel ikkje oppheve lova.

"Fiskebåt er imidlertid av den oppfatning at det fortsatt må være en forutsetning at instruksens øvrige krav om nærhet til driften og hovedaktivitet er oppfylt. Instruksens krav om at det bare kan godkjennes én administrerende reder, utgjør en hindring for at andre på eiersiden kan opparbeide seg aktivitet som administrativ reder, og de kan heller ikke tildeles en slik rolle i rederiet. Det å ta seg arbeid om bord fremstår ikke like aktuelt for alle. Dette gjelder kanskje særlig for kvinner i perioder av livet hvor man gjerne får barn, men også for både menn og kvinner som har tatt en formell utdannelse og som derfor heller ønsker å ha en rolle i ledelsen og administrasjonen av rederiet.

Vanskelege generasjonsskifte
Reglane om at ein person må vere majoritetseigar i eit fiskebåtreiarlag og vere aktiv fiskar eller administrativ reiar, gjer generasjonskifta i fiskebåtreiarlaga vanskelege, argumenterer Fiskebåt.

"Det vises til at lukking av fiskeriene og reguleringene har medført at det i dag er knyttet høye verdier til fiskebåter med rettigheter. Et ønske om å likedele arvingene i forbindelse med generasjonsskifter kommer gjerne i konflikt med aktivitetskravet, og kravet kan også hindre den som ønsker å være aktiv fisker i å overta, dersom vedkommende må løse ut sine medarvinger til slike verdier." heiter det i brevet til departementet.

Publisert: 28.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 28.08.2025 02:33

Mer om