Droneselskap ventar på kontraktar
Har brukt rundt 60 millionar kroner på løner sidan starten.
Droneselskapet i Sykkylven har investert tungt i utvikling.
Omlag til saman 60 millionar kroner er betalt ut i løn sidan starten og omlag 25 millionar har gått ut i varekostnadar, som mellom omfattar delar og materiell til dronane.
Seinast i fjor gjekk Halsebakkfamilien sitt investeringsselskap Ronja II og teknologiinvestor Jakob Hatteland kvar inn med 20 nye millionar kroner i ny eigenkapital i selskapet.
Krig og korona hadde forseinka det kommersielle gjennombrotet samstundes som selskapet auka innsatsen for å vidareutvikle dronane.
14 tilsette
Griff Aviation hadde 2,4 millionar kroner i driftsinntekter i fjor.
Selskapet aktivererer utviklingskostnadane, slik at dei kjem fram som ein verdi i rekneskapen i staden for å trekkje dei frå på drifta.
Det er grunnen til at selskapet berre gjekk med 0,3 millionar kroner i minus før skatt i fjor, sjølv om selskapet sysselsette 14 årsverk.
Ved utløpet av 2022 er verdien av utviklingsarbeid, konsesjonar og patentar bokført til 109 millionar kroner.
Griff Aviation as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 2,4 | 2,2 |
Driftsresultat | -0,3 | 0,1 |
Resultat før skatt | -2,7 | -2,3 |
Publisert: 11.05.2023 14:30
Sist oppdatert: 11.05.2023 13:57