Griff Aviation drone 135 montasje roger halsebakk foto Griff Aviation Ogne 11 2021 04 14 103522 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NYE MILLIONAR: Roger Halsebakk (innfelt) og familien gjekk inn med nye 20 millionar kroner i helikopterdroneselskapet Griff Aviation i fjor og er største aksjonær gjennom familiens investeringsselskap Ronja Capital II. Foto: Griff Aviation/Ogne Øyehaug
Nytt

40 nye millionar til droneselskap

Korona og krig hindra Griff Aviation frå å lette. Halsebakk-familien går inn med meir pengar.

10.03.2023

Då Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital II gjekk inn med 40 millionar kroner i helikopterdroneselskapet Griff Aviaton våren 2021 sa investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital til Finansavisen at han trudde investeringa kunne bli ti gangar meir verdt innan eitt til to år.

Kombinasjonen av korona og krig, har gjort at det kommersielle gjennombrotet framleis ikkje har kome. I fjerde kvartal 2022 gjekk Ronja Capital II inn med 20 nye millionar i ny eigenkapital.

Teknologiinvestor Jakob Hatteland gjekk inn med like mykje. Også han var medeigar frå før. Ronja Capital II og Hatteland er no største aksjonærar i Griff Aviation med høvesvis 34 og 23 prosent av aksjane.

Kapitalutvidinga er eit resultat at at det har tatt lenger tid å få den første kommersielle kontrakten enn venta i 2021, ifølgje Tønseth.

I kapitalutvidinga i 2021 vart Griff Aviation verdsett til 250 millionar kroner. I kapitalutvidinga i fjor er verdien lågare.

Forseinka
Mange komponentar vart forseinka fordi koronapandemien og smitteverntiltaka mot den, skapte uorden i internasjonale forsyningsliner.

I tillegg vart det vanskeleg å reise ut til potensielle kundar for å demonstrere og marknadsføre helikopterdronane frå Sykkylven.

Krigen i Ukraina forsterka problema. Mellom anna miste eit ukrainsk it-selskap som utvikla programvare for Griff Aviation mange tilsette.

Nokre drog i krigen, andre på flukt og selskapet hadde på det verste berre tre tilsette att ifølgje dagleg leiar, grunnleggar og tredje største aksjonær (11,5 prosent) Leif Johan Holand.

Klar til å levere
Griff Aviation har svart på forsyningsproblema mellom anna med å bygge opp eit større varelager.

- No har vi deler til 100 dronar, seier Holand.

Dei siste åra har Griff Aviation vidareutvikla dronane og bygd opp produksjonskapasitet slik at produksjonen kan starte straks selskapet har fått oppdrag. Det optimistiske anslaget er at den første kontrakten er i boks innan seks månader, seier Holand til NETT.NO.

Har opna militær marknad
Dronane til Griff Aviation vart opphavleg utvikla for ein sivil marknad, mellom anna til kraftselskap for å frakte last i uvegsamt terreng.

Krigen i Ukraina har opna ein militær marknad og Holand seier det er vanskeleg å spå om det blir den sivile, eller militære marknaden som blir viktigast for selskapet.

Griff Aviation har inngått eit samarbeid med Nammo på Raufoss der målet er å lage ei utskytingsmekanisme for panservernrakettar av typen M72.

Publisert: 10.03.2023 10:51

Sist oppdatert: 10.03.2023 18:37

Mer om