Dundrande usamde om norsk krafteigarskap
KRAFTSTRID: Lars Ove Skorpen i Pareto helsar utanlandsk krafteigarskap velkomen, Stein-Erik Stinesen i Lundh & co meiner at vasskrafta må vere på offentlege norske hender. 
Nytt

Dundrande usamde om norsk krafteigarskap

Skal det vere fritt fram for utanlandske selskap å kjøpe opp norsk vasskraft, eller er dette fellesskapsverdiar som må vere på norske offentlege hender?

24.09.2015
Ei lang rekkje utanlandske selskap tørstar etter å kjøpe norsk vasskraft. Direktør Lars Ove Skorpen for kraft og fornybar energi i Pareto meiner tida er inne for å sleppe til meir utanlandsk kapital.
- Det er på tide at vi får meir profesjonelt og langsiktig eigarskap av kraftselskapa. Kommunale og fylkeskommunale politikarar har ein altfor kort tidshorisont, oftast berre fram til neste utbytebetaling.
- I tillegg vert desse folka gjerne skifta ut kvart fjerde år.

Dobbeltmoral

Han meinte at Statkraft, den klart største norske krafteigaren, dreiv med dobbeltmoral.
- Statkraft krev å få eige 100 % av kraftselskapa dei kjøper opp i Chile og andre land. Samstundes krev Statkraft at utanlandske eigarar maksimalt kan eige 33,3 % av norske kraftselskap.
- For meg er dette dobbeltmoral.

- Fellesskapsressursar

Partner Stein-Erik Stinessen i advokatfirmaet Lundh & Co frykta derimot konsekvensane av å sleppe til utanlandske selskap.
- Dette dreier seg om evigvarande fellesskapsressursar, som det offentlege bør ha kontrollen på.
Stinessen har sidan 1982 vore juridisk sekretær for Landssamanslutninga av vasskraftkommunar. Han minte om at det var politiske miljø som på 1980-talet ville selje ut all norsk olje og gass til høgstbydande.
- Ingen er vel usamde i dag om at det ville ha vore feil.

208 milliardar kroner

I dag er 50 % av norsk vasskraft eigd gjennom staten ved Statkraft, resten fordelt mellom kommunar og fylkeskommunar.
5-6 % er eigd av private, og då spesielt Hydro.
Ein analyse frå 2006 viste at det då at det offentlege hadde kraftverdiar for 208 milliardar kroner.
- Det er enorme verdiar som ligg i norsk vasskraftproduksjon. Totalt har kraftsektoren betalt ut 110 milliardar kroner i utbyte til eigarane i løpet av dei ti siste åra.

Politiske nyansar

Stinessen viste til at det var tre måtar å sikre verdiane for fellesskapet på; konsesjonssystemet, skattesystemet eller eigarkontroll.
Hittil har det vore brei politisk semje om å ha god offentleg kontroll på kraftressursane, men Stinessen meinte at det fanst nyansar.
Han viste til at medan dei raudgrøne la vekt på eigarskap som instrument og fastslo at energiressursane skal vere heile folket sitt eige, legg ein for dagens regjering i Sundvolden-erklæringa vekt på skattereglar og konsesjonsbestemmelsar.
No foreslår Produktivitetskommisjonen ei omlegging av eigarskapet i kraftsektoren og vil ha ei likestilling av private og offentlege eigarar. Kommisjonen meiner spesielt at Statkraft er ein for stor aktør.
- Eg er rykande usamd med kommisjonen, sa Stinessen.

- Fungerere godt

Han viste til at for forbrukarane er det kilowatt-timane og prisen på kw-timane ein er opptatt av.
- Den marknaden fungerer godt i dag. Vi treng ikkje å ha konkurranse på eigarskapet for å få konkurranse på kw-timane til å fungere.
Han meiner også at det er fare for at kraftselskap vert seld på billegsal til private.
- Vi har fleire eksempel på at kommunar har seld kraftselskap på billegsal.

Skatteproblem

Stinessen hadde heller ikkje tru på at ein ville klare å skatte store fleirnasjonale selskap som kjøper opp norsk vasskraft. Her viste han til dei store problema med å få inn skatteinntekter frå selskap som Google og Apple.
- Skatteinstrumentet er ikkje godt nok internasjonalt til å fange opp dei verdiane ein ønskjer å fange opp av eit utanlandsk selskap.
Han meinte også at eit utanlandsk selskap fort ville kunne styre norsk vasskraft utfrå eigne nasjonale interesser og ikkje utfrå norske interesser for natur og miljøforvaltning.
- Eg har lita tru på at omsynet til fiske og vassføring i eit norsk vassdrag vil telje mest om eit tysk selskap har behov for meir kraft for å stette tyske nasjonale interesser.

Utlendingane kjem

Skorpen forstod ikkje frykta, og meinte at einaste grunnen til at utanlandske selskap ville investere i norsk vasskraft var å tene pengar på ei relativt sikker investering.
Han viste også til at selskap som svenske Vattenfall har vore eigar i norsk vaskraft, og at Fortum, E-on og Dong også er aktive aktørar.
- Vi vil sjå litt meir utanlandsk eigarskap framover. Det er bra, sa Skorpen.
Dette dreier seg om evigvarande fellesskapsressursar, som det offentlege bør ha kontrollen på.

Publisert: 24.09.2015 15:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47