Dyr miljoesatsing
DYRT: Elferjesatsinga kostar fylkeskommunen dyrt, og den må også ta storparten av rekninga.
Nytt

Dyr miljøsatsing

Møre og Romsdal fylket har lojalt fulgt opp Stortingsvedtak om å få innført miljøvennlege ferjer. Det har kosta dyrt, skriv fylkesordførar Tove-Lise Torve og leiar for samferdselsutvalet, Kristin Sørheim.

31.01.2020
Fylket har erstatta dieseldrivne ferjer med elferjer på det eine sambandet etter det andre. Dei direkte kostnadane til fremdriftsteknologi og framføring av straum til fergekaiene er på 640 millionar kroner, og fylket tek 2/3-partar av den rekninga, skriv Torve og Sørheim i eit lesarinnlegg i NETT NO.

I tilleg kjem ein ekstra kostnad på 20 millionar kroner årleg på grunn av endringar i nettariffane for elferjeedrift. Nye ferjer har og gjort at fylket investerer 995 millionar kroner i utbetring av eksisterande ferjekaier. Det gir ein ekstrakostnad, men den kan ikkje direkte knyttast til overgangen til miljøferjer.

Urimeleg belastning

Torve og Sørheim skriv i innlegget at det politiske fleirtalt i Møre og Romsdal fylke meiner kostnaden med å ta i bruk elferjer for å få ned utsleppa av CO2 utgjer ei urimleg belastning for fylket:
"Det politiske flertallet i Møre og Romsdal fylkeskommune mener at regjering og storting i mye større grad må bidra økonomisk i overgangen til miljøferger. Klimakutt er et nasjonalt ansvar. De store ekstrakostnadene blir svært tunge å bære for fylkeskommunene, og særlig for de som er først ute. Slik miljøfergefinansieringen er fra staten, må fylkeskommunen kutte i øvrig fylkeskommunalt tilbud som videregående opplæring, vegvedlikehold og kultur for å få budsjettene i balanse. Vi har også sett oss nødt til å øke fergetakstene for de reisende.", heiter det i innlegget.

Sterke protestar

Dyrare ferje har ført til store protestar.

Torve og Sørheim håpar protestane skal vere med på å at fylket kan få staten til å ta ein større del av rekninga med ferjedrifta.

Publisert: 31.01.2020 08:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48