Dåtidas oljearbeidarar
Odd Saure var ein av tre brør som fekk jobb med å bygge ut ein av landets største og kraftigaste fossar. Oppdraget var risikabelt – men dei fekk godt betalt.
Odd Saure var den første arbeidaren som blei tilsett då Tyssefossen skulle byggast ut på slutten av 1950-talet. Tussa-kraftverket la grunnlaget for at folk på heile søre Sunnmøre fekk lys i husa og kraft til næringsverksemd dei komande åra.
– Det beste var kameratskapet og samhaldet vi fekk oppleve, fortalde Saure til NETT NO då boka om arbeidarane på anlegget blei lansert denne veka.
Etter realskule i Stryn og artium på Nordfjordeid, reiste han i militæret og befalskule. Etter plikttenesta kom han heim til anleggsarbeidet.
– Eg har nytta dei moglegheitene som har vore for ein fattig kar, seier han smålåtent på spørsmål om korleis det var å starte arbeidslivet med det risikofylte oppdraget med å bygge kraftverket.
Trur ikkje fossen ville vore utbygd i dag
Det er no kring 60 år sidan fossen blei lagt i røyr. Utbygginga er ei historie om stor verdiskaping, men også om menneskelege tap. 11 menneske døydde og Tussa Kraft toppa ulukkesstatistikkane.
For lokalbefolkninga hadde utbygginga av Tyssefossen også ein anna dimensjon. Odd Saure trur ikkje det hadde skjedd i dag:
– Det har vore mest trist for dei som har fått sett fossen. I dag ville han aldri blitt utbygd. Den var heilt fenomenal, seier Odd Sauren.
Tre gonger industrilønn
Jon Hustad har skreve boka «Krafttaket på Bjørke» som blei lansert denne veka. I løpet av 180 sider skildrar han arbeidarane som gjorde jobben med å bygge kraftverket.
Som forfattaren sjølv påpeika under lanseringa, er det skreve mykje før om både Tussa og kraftutbygginga, me arbeidarane har aldri vore intervjua. Då kraftverket vart opna for snart 60 år sidan var typisk nok ingen av arbeidarane representert.
Men dei fekk godt betalt for å gjere jobben, og tente minst tre gonger løna til ein industriarbeidar.
– Dei var dåtidas oljearbeidarar. Desse karane kunne kome opp i 16-17 kroner timen av og til, og kom nesten aldrig under ti kroner timen. Løna i industrien på Vik Ørsta var 3,50 kroner i timer i 1958, fortel Jon Hustad til NETT NO.
– For høg risiko
Det var også kvinner mellom arbeidsfolket, og under lanseringa deltok mellom anna Anvor Wold. Ho var kokke under anleggsarbeidet, men gjekk for å hate å koke. I boka vedgår ho at det var pengane som lokka.
– Vi fekk langt dårlegare betalt enn karane, men altså mykje betre betalt enn for anna arbeid, fortel ho til forfattaren.
Bak den gode betalinga låg den høge risikoen. Sjølv om selskapet naturleg la føringane, frikjenner ikkje forfattaren arbeidarane sjølv.
– Arbeidarane var på akkord, og då prioriterte dei å skyte mest mogleg, fortast mogleg – men det vart teke for høg risiko, meiner Hustad.
Imponert av ingeniørkunsten
Å jobbe i den 45 grader bratte og to meter breie trykksjakta var mellom dei tøffaste oppgåvene. Ingeniørkunsten som gjorde at dei klarte å utføre jobben, var samtidig noko av det som imponerte Hustad i arbeidet med boka.
– Den var heilt genial og gjorde at dei kunne bygge den smalare enn før, seier han.
Men boka handlar om arbeidarane som gjerne var unge folk frå distriktet. Når forfattaren presentere dei som var med, trekk han fram korleis den praktiske dugleiken frå oppvekst på bygda kom godt med. Hadde ein til eksempel ein far med teknisk innsikt, tok neste generasjon med kunnskapen vidare.
– Dei hadde både iq-en og sjølvtilliten på plass. Når det var eit problem, var det ikkje noko masing på leiinga –dei fiksa ting sjølv, seier han.
Produserer 280 mill. kilowattimar årleg
Hustad har skreve mykje om energipolitikk opp gjennom åra, og har vore i kraftverk – men måtte innrømme at han ikkje kunne stort om korleis produksjonen eigentleg gjekk føre seg.
– Det som overraska meg mest undervegs, var kor mykje energi som krevst for å lage denne straumen.
Han samanliknar det som skjer i kraftverket på Bjørke, med å lyfte ein kubikk med vatn 420 meter til værs med eit helikopter.
– Om du slepp ein slik plastfirkant ned på huset ditt frå den høgda, så er det ikkje mykje att av bygninga. Men likevel er det berre ein kilowattime, påpeiker han.
Tussa-sjef Elling Dybdal påpeika under lanseringa at et dagsverk for ein person tilsvara ein kilowattime. Årleg produserer Tussa i dag kring 280 millionar kilowattimar som gir straum til heile søre Sunnmøre.
Les også: Hustad med bok om kraftarbeidarane
Framleis minus frå kraftproduksjonen
Etablerer felles vasskraftselskap
Meiner grøn framtid og økonomisk vekst kan gå hand i hand
Det har vore mest trist for dei som har fått sett fossen. I dag ville han aldri blitt utbygd. Den var heilt fenomenal
Publisert: 15.11.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.10.2022 13:15