Tysdag var det dåp for det nyaste skipet som det britiske reiarlaget North Star får levert frå Vard Langsten.
Grampian Kestrel er ein sokalla CSOV, som betyr at skipet skal gjere serviceoppdrag i vindkraftindustrien.
Under dåpen låg skipet baug mot baug med systerskipet Grampian Eagle, som selskapet også har under bygging ved verftet.

422-designet frå Vard er spesialutvikla for North Start. Skipa er 95 meter lange og 19,5 meter breie, med plass til 111 personar fordelt på 95 lugarar. Tidlegare har dei óg bygd fire mindre sokalla SOV-ar hos Vard.
Administrerande direktør Gitte Gard Talmo i North Star samanlikna skipet med ein sveitsisk militærkniv, som har fleire ulike funksjonar.

Gratulerte med «banebrytande» skip
Skipet er det første frå Vard som har fått godkjenning av Lloyd’s Register for å segle på metanol, og mellom dei første skipa i vindkraftindustrien som er klargjort for ei slik konvertering til grønt drivstoff.
Om bord er det også ei batteripakke, i tillegg til fire dieselmotorar frå Yanmar.
– På vegner av alle i Vard vil eg gratulere North Star med den nye banebrytande fartøyet dokkes. Ho er bygd for effektivitet, komfort og fleksibilitet – framtidsklar frå dag éin, uttalte Vard-sjef Cathrine K. Marti under dåpen.
Etter dåpsseremonien gjekk Vard sine representantar og gjestar om bord i MS Bruvik for å halde fram feiringa med middag.

Ein rekke lokale leverandørar
Skipet er spekka med utstyr frå ulike Vard-selskap, som løysingar for straumforsyning, bru og navigasjonsutstyr.
Om bord i skipet er det også utstyr frå ein rekke leverandørar på Nordvestlandet. I tillegg til at Vard Interiors innreiar skipet, er det møblar frå mellom anna Ekornes og Fora Form om bord.
Sperre Air Power, Survitec og John Gjerde er mellom dei andre leverandørane vi finn om bord.
På akterdekket på er det ei gangbru som gjer det råd å gå frå skipet til vindkrafstinstallasjonane og ei stor kran. Om bord er det også plass til to mindre fartøy, i tillegg til redningsflåtar.

Publisert: 06.05.2025 14:15
Sist oppdatert: 06.05.2025 17:51






