Easy Form avtale med Kongsberg
AVTALE: Gunnar Carlson, investor og primus motor i Måløy-miljøet (til venstre) kan glede seg over at ha fått Kongsberg-gruppen inn som kunde i Easy Form, eitt av selskapa har har hjelpt opp og fram. På talarsstolen, Trond Neumann og Kyrre Lohne i Kongsberg Defence System.
Nytt

Easy Form-avtale med Kongsberg

Easy Form i Vågsøy skal produsere delar til Kongsberg-konsernet sitt luftvern-system.

25.04.2016
- De er her for å bevitne at sjølv små bedrifter - berre der er guts nok - kan klare å kome i inngrep med ein av Noregs største bedrifter, sa styreleiar Gunnar Carlson i Easy Form då han presenterte avtalen mellom Kongsbergkonsernet og Easy Form i Vågsøy i dag.
Kongsbergkonsernet ønskjer å erstatte metalldelar med delar i kompositt i sitt bakke til luft-baserte luftvernsystem, og det blir Easy Form som skal lage delane.
Poenget er først og fremst lågare vekt, men og at kompositt gjer det råd å byggje meir kompliserte strukturar.

Flyplasstårn

Kongsberg-konsernet var på sitt første besøk hos Easy Form i november i fjor. Førsteinntrykket var positivt sa direktør for blant anna luftvernsystem-verksemda i Kongsberg-konsernet, Trond Neumann, i sin presentasjon av avtalen i dag.
- Det var ei framoverlent bedrift som var veldig ivrig, og kunne faget sitt, seier Neumann om det første møtet med Vågsøy-bedrifta.
Avtalen om å lage delar til luftvernsystemet kan bli til meir. Kongsberg skal også bygge flyplasstårn for flyplassar som skal fjernstyrast frå Avinor sin nye sentral i Bodø, og til dei tårna kan Easy Form bli ein leverandør.

Utviklingsarbeid

Kongsberg-Gruppen skal samarbeide med Easy Form i produktutvikling av deler til luftvernsystemet sitt. Dei produkta som blir utvikla kan også bli produsert hos Easy Form, i følgje Neumann.
Klarer Kongsberg og Easy Rom å gjere utskytingsrampene for rakettsystema lettare kan dei til dømes bere ei større våpenlast utan at lastebilen dei står på må vere kraftigare.
- Dette er produktutvikling på eit av dei viktigaste produkta vi har, seier Neumann.

Viktig avtale

Gunnar Carlson er både styreleiar, storaksjonær og fungerande dagleg leiar i Easy Form. Han er optimistisk til konsekvensane av avtalen.
- Viss vi presterer så betyr det utruleg mykje, seier han.
Desingansvarleg Eivind Flister seier avtalen klan innbere at Easy Form treng fleire folk.

Publisert: 25.04.2016 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56