Ronny jørgensen politiadvokat foto politiet
FERDIG ETTERFORSKA: Politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt opplyser til Nett No at saka mot fleire fiskeriaktørar er ferdig etterforska frå politiet si side. Foto: Politiet
Nytt

Karlsøybruk-sak ferdig etterforska

Politiet har sendt saka over til statsadvokaten etter over tre års etterforskning.

16.04.2026

I mars 2023 aksjonerte Politiet, Økokrim, Kystvakta, Fiskeridirektoratet og Skatteetaten mot fleire aktørar i fiskerinæringa, mellom anna på Vannøya i Troms der Fjordlaks-datterselskapet Karlsøybruket held til.

Politiet sikta fire selskap og to personar. Ein av dei er frå Møre og Romsdal, den andre frå Troms, ifølgje ei pressemelding frå politiet etter aksjonen. Snart vart det klar at den sikta frå Møre og Romsdal var Fjordlaks-sjef Anders Pedersen (les meir lenger nede i artikkelen).

No, litt over tre år etter, er saka ferdig etterforska og sendt over til Statsadvokaten i Troms og Finnmark,  ifølgje politiadvokat Ronny Jørgensen. 

Han har ikkje ytterlegare kommentarar til saka. Det er statsadvokaten som avgjer om, og mot kven det eventuelt skal reisast tiltale.

17 veker i retten
Frå september er det sett av 17 veker i Nordtroms og Senja tingrett til ein rettssak etter aksjonen mot mellom andre Fjordlaks-selskapet Karlsøybruket i mars 2023.

Hittil er berre ein person i saka tiltalt, og har fått prøvd si sak i rettsapparatet. 

Han var frifunnen i tingretten, men fekk ei bot for uaktsom feilrapportering av fangst og bokføring i lagmannsretten, ifølgje avisa Kyst og Fjord.  Påtalemakta meinte det var snakk om grov fiskerikriminalitet, men det var retten ikkje samd i. 

«Absurd» sa Pedersen
Fjordlaks-eigar Anders Pedersen i Ålesund blei sjølv sikta, og sa til Fiskeribladet at «Hele den krigsliknende aksjonen oppleves som absurd».

Den store fiskeriaksjonen mot Karlsøybruket var óg tema i 2022 årsmeldinga til Ålesund-selskapet. Den vart skriven etter aksjonen i mars 2023. Styret viste til at dotterselskapet er sikta for brot på rekneskapsreglane og havressurslova i samband med storaksjonen mot fleire fiskeriaktørar.

«På nåværende tidspunkt og basert på mottatt informasjon, er ikke selskapet kjent med at de siktede forhold har funnet sted», heitte det i årsmeldinga.

Publisert: 16.04.2026 12:06

Sist oppdatert: 16.04.2026 12:08

Mer om