Cantor heiter familiebedrifta som Helge Bøe starta opp i 1993, og som framleis lever i beste velgåande som leverandør av programvare til bedriftsmarknaden.
Enkelt sagt gir løysingane deira økonomiansvarlege i selskap, eller større konsern, verktøyet dei treng for å drive god økonomistyring.
Veteranen Helge Bøe protesterer ikkje på merkelappen «pengemaskin», når underteikna med sine journalistbriller spør om han synest det er ein korrekt omtale av selskapet.
– Vi er jo økonomar og opptekne av å drive business på ein lønsam måte. Det er har vore utgangspunktet heile tida. Det betyr ikkje berre at ein driv på ein fornuftig måte, som gir eigarane eit godt utbytte, men også at ein trygger arbeidsplassane framover, svarar han.
Vi er jo økonomar og opptekne av å drive business på ein lønsam måte

– Ein liten nisje i ein stor marknad
I dag er Cantor blitt 14 tilsette likt fordelt mellom Ålesund og Oslo. Forretningskonseptet er eit avansert verktøy for økonomistyring, som hjelper bedrifter med å lage alt frå analyser, rapportar og årsoppgjer.
Ein titt på årsrekneskapane, viser at selskapet har hatt ei jamn auke i inntektene dei ti siste åra.
– Vi har funne ein liten nisje i ein stor marknad, der vi historisk ikkje har hatt veldig stor konkurranse på ein del element. Det er ein teknologi vi er stolte av – samtidig som vi heile tida må jobbe med å oppdatere programmet, seier Therese Bøe Dyrø til Nett No.
Den juristutdanna kvinna er ein av tre døtrer i familien, og tek over rolla som dagleg leiar i Cantor frå starten av mai. Dei to andre har begge plass i styret.
Ho har allereie i fleire år vore engasjert som operasjonsdirektør (COO, journ. anm.) i selskapet.
| Cantor AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 36,5 | 37,7 |
| Driftsresultat | 6,2 | 5,8 |
| Resultat før skatt | 7,0 | 6,8 |
Solide utbyter
På spørsmål om «pengemaskin»-merkelappen svarar den nye sjefen slik:
– Eg vil seie det er eit solid selskap der businessmodellen fungerer godt, både for eigarane og dei som jobbar her, seier ho.
Rekneskapane viser at overskota har gitt grunnlag for eit utbyte dei færraste kan drøyme om.
Berre sidan 2020 er det overført konsernbidrag til morselskapet og teke utbyte på kring 30 millionar kroner.

Får stadige førespurnader om sal
Cantor er ingen stor bedrift. Likevel er at openbert at fleire legg merke til kva dei driv med – og resultata deira.
Helge Bøe fortel at dei opplever stor pågang med friarar – dei fleste frå utlandet – som gjerne vil kjøpe selskapet.
– Til dei grader. Vi har hatt slike førespurnader nokså regelmessig med to-tre kvar månad, seier han.
Familien ser ingen grunn til å gjere endringar på eigarsida.
– Vi vil halde på eigarstrukturen framover, men ein veit aldri - og vi er opne for å samarbeide der vi finn det nødvendig, seier Helge Bøe.
Meiner todeling har vore suksessfaktor
Cantor starta i Ålesund, men dei 14 tilsette er i dag likt fordelt mellom sunnmørshovudstaden og eit avdelingskontor i Oslo.
Helge Bøe meiner todelinga har vore ein av suksessfaktorane for selskapet.
– Det var veldig viktig at vi etablerte kontor i Oslo tidleg på 2000-talet. Slik blei vi landsdekkande. Samtidig er det ingen tvil om at det har vore ei styrke og ha dei som jobbar med programutvikling i Ålesund, seier han.
Årsaka er rett og slett at konkurransen om it-folk er langt sterkare i Oslo. At ansienniteten ligg på kring 20 år i snitt ved Ålesund-avdelinga, fortel truleg også sitt om trivselen mellom dei tilsette.
Ventar vidare vekst
Kunstig intelligens er mellom dei store drivarane i bransjen. Meir skybaserte løysingar saman med nye krav frå styresmaktene, gjer at selskapet må tilpasse programvara.
Sjølv om kunstig intelligens også kan utgjere ein konkurrent, meiner den nye sjefen det ikkje er nokon grunn til at tru at marknaden blir mindre.
– Vi har vekse organisk til no, og ser føre oss å gjere det vidare. Det blir ikkje mindre rapporteringskrav til verksemder framover, og det er eit behov for verktøy til å handtere dette, seier Therese.
– Og kring 80 prosent av alle verksemder rapporterer framleis i Excel, legg ho til.
Publisert: 16.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 15.04.2026 17:46






