Ecobait klar med fabrikkplanar i september
Måløy-selskap skal gjere avskjer og anna restråstoff om til agn. Sjå sending frå Sjømatkonferansen.
Det langsiktige målet til Ecobait i Måløy, er å ha ein fabrikk som kan produsere 30.000 tonn agn om året - meir enn agnforbruket til den norske fiskeflåten som fiskar med line og teine.
Kor stor fabrikken blir i første omgang blir avklart i løpet av komande månad, når utkastet er vurdert av eksisterande og eventuelt nye eigarar som skal vere med og finansiere bygginga.
- Vi håpar vi kan halde oppe framdrifta og skaffe kapital, seier dagleg leiar og medeigar Ole Petter Humborstad.
(saka held fram under)
Erstatte menneskemat
Importert akkar og saury er dei viktigaste agna i dag. Begge deler er også ettertrakta som menneskeføde og har kome opp i prisar som gjer at Ecobait er trygg på å kunne konkurrere prismessig.
Det er litt pinleg for norsk fiskerinæring å importere agn som like godt kunne blitt brukt til mat for menneske, meiner Humborstad.
Lang veg
Ecobait blei etablert i 2013, og har fram til no vore eit selskap som har arbeidd med forsking og utvikling.
Selskapet har 20 eigararar, mellom dei ei rekkje fiskebåtreiarlag som også har vore med i arbeidet med å utvikle agn og produksjonsmetodar.
Arbeidet har mellom anna gått ut på kartlegge korleis råstoffet for Ecobait sitt agn - avskjær og restråstoff frå fiskebåtar og fiskeindustri - skal behandlast for å bevare kvaliteten.
Testane undervegs har også avdekka at ulike ingrediensar, lukt og konsistens på agnet gir store utslag i fangsten, frå eit resultat som konkurrerer med dagens agn til agn som fisken ikkje vil bite på i det heile.
Publisert: 31.08.2021 11:00
Sist oppdatert: 31.08.2021 12:22