Ecofive Foto Svein Egil Okland Westcon
TRØBBEL: Ecofive har fått skadar i A-ramma bakerst på båten og måtte avbryte prøvefisket. Foto: Svein Egil Okland; Westcon
Nytt

Ecofive ytterlegare forseinka

Bluewild sitt nye fiskefartøy fekk vridningar i A-ramma. Reiarlaget meiner verftet har garantiansvar.

28.07.2025

Ecofive vart overlevert frå Westcon Yards til Tore Roaldsnes sitt fiskebåtreiarlag Bluewild i februar i år. Då håpte reiarlaget på dåp i april/mai, før Ecofive skulle sendast ut i vanleg fiske.

Men under ein test i april vart det oppdaga vridningar i den såkalla A-ramma bakerst på båten, skriv avisa Kystens Næringsliv.

A-ramma er oppheng for taljene som taua som brukt til å slepe inn trålen går gjennom, og på biletet ser du ramma heilt bakerst på båten. 

Etter skaden måtte Ecofive avbryte testfisket og returnere til Ålesund, skriv avisa.

Prisbelønt fartøy
Opphavleg var var planen at fartøyet skulle vere ferdig allereie i 2023. 

I fjor gjekk selskapet som skulle leverer fabrikken ombord - islandske Skaginn - overende. Westcon og Bluewild inngjekk ein avtale med bustyret som sikra at fabrikken vart skipa til Noreg for montering.

Fartøyet er mellom anna bygd med ekstra store propellar for meir økonomisk drift. I 2023 vart skipet kåra til årets skip på den internasjonale shippingmessa Nor Shipping og i 2022 fekk Bluewild og Ulstein Design & Solutions innovasjonsprisen under Nor Fishing-messa i Trondheim. 

Erstatningsfartøy
Etter først å ha fått avslag fekk Bliuewild ja frå Fiskeridirektoratet til å ta i bruk fiskebåten Ishavet for å fiske fisken Ecofive skulle fiske i år, skriv Kystens Næringsliv.

No håpar Tore Roaldsnes at Ecofive kan settast inn i fiske i september, etter at A-ramma ha fått nye bein.

Erstatningsansvar
Roaldsnes meiner verftet har eit erstatningsansvar.

"Vi er i en garantiperiode. Verftet har helt åpenbart et garantiansvar. Noe mer rundt det ønsker jeg ikke å uttale meg om.", seier han til Kysten Næringsliv.

Administrerande direktør Øystein Matre i Westcon Yards, Øystein Matre, seier dette til avisa: 

"Det er veldig uheldig at det skjer skader på utstyret. Dette utstyret er kjøpt fra en underleverandør. Nå må rederiet undersøke om dette er en konstruksjonsfeil fra denne leverandøren."

"Rederiet har en garantiperiode hos dere?", spør avisa.

"Ja, vi har 12 måneders garantiansvar. Så har rederiet valgt noe utstyr selv. Da er det normalt at dette ansvaret føres videre på underleverandør. Vi har vært i dialog med rederiet om dette.", svarar Matre.

Publisert: 28.07.2025 16:03

Sist oppdatert: 28.07.2025 16:03

Mer om