Bluewild-konsernet sitt nye fiskefartøy er nettopp registrert i skipsregisteret og overlevert frå Westcon Yards i Rogaland til fiskebåtreiarlaget i Ålesund.
"Det er stort å endelig kunne ta over Ecofive, men vi har en krevende etappe foran oss før vi er i mål. Når den dagen er her blir det en solid markering før vi sender båten ut i full drift" seier administrande direktør Tore Roaldsnes i Bluewild i ei pressemelding onsdag.
No set Ecofive kursen mot Ålesund, for mellom å anna teste den ut i fiske, før dåp og start på vanleg drift. Reiarlaget håpar at dåpsseremonien blir i april/mai.

Prisbelønt fartøy
Det er ein mykje omtalt båt Bluewild har tatt over.
I starten var planen at fartøyet skulle vere ferdig allereie i 2023. I fjor gjekk selskapet som skulle leverer fabrikken ombord - islandske Skaginn - overende. Westcon og Bluewild inngjekk ein avtale med bustyret som sikra at fabrikken vart skipa til Noreg for montering.
Fartøyet er mellom anna bygd med ekstra store propellar for meir økonomisk drift. I 2023 vart skipet kåra til årets skip på den internasjonale shippingmessa Nor Shipping og i 2022 fekk Bluewild og Ulstein Design & Solutions innovasjonsprisen under Nor Fishing-messa i Trondheim.
Delte selskap
I 2019 delte brørne Tore og Pål Roaldsnes og slektningen Jan Harald Roaldnes det som då var fiskebåtreiarlaget Nordic Wildsfish i tre.
Tore Roaldsnes etablerte Bluewild for å satse vidare i eigen regi, og gjekk i 2022 til Westcon for å få bygd båten som no er overlevert. Prisen var 600 millionar kroner sa Roaldsnes til Nett No den gangen,
Les også
Bluewild og Westcon Yards fekk avtale med bustyret etter Skaginn-konkursen.
Ålesund-rederi og Ulstein tildelt første Ship of The Year-pris til et fiskefartøy.
Eigarane av fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish har varsla at dei deler fiskebåtreiarlaget i tre.
Publisert: 26.02.2025 14:30
Sist oppdatert: 27.02.2025 09:37