Dag Hestetræet Nestegard
NY AVISLEIAR: Dag Hestetræet Nestegard (55) er ny redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende i Måløy. Foto: Polaris Media
Nytt

– Eg gleder meg til å flytte heim

Lokalavis får ny redaktør med brei erfaring.

Marius Rosbach
29.11.2023

Dag Hestetræet Nestegard er tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Fjordenes Tidene i Måløy.

55-åringen uttaler i en pressemelding fra Polaris Media at han vil halde fram med fornyinga av lokalavisa slik at lesarane får eit stadig betre produkt.

– Eg gleder meg til å flytte heim. Det skjer mykje spennande i regionen med eit sterkt næringsliv og Stad skipstunell som er eit eineståande prosjekt internasjonalt, uttalar han.

Brei erfaring
Nestegard vaks opp i Bremanger, og er i dag seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet.

Han har lang erfaring som journalist, redaktør, forfattar og rådgjevar i mellom anna NRK Dagsrevyen, Bok & Samfunn, Redd Barna og Samferdselsdepartementet. Nyleg har han laga dokumentarfilm om kraftutbygging og industriutvikling i Svelgen.

Dag H. Nestegard startar i stillinga 1. mars 2024, og tar over etter Håvar Fagerli som skal i gong med nye prosjekt.

Bikka 18 millionar i inntekt i fjor
Fjordenes Tidene held til i Måløy og har eit opplag på kring 4.500. Avisa er eigd av Sunnmørsposten, og er del av det børsnoterte mediekonsernet Polaris Media.

Inntektene til avisa bikka igjen over 18 millionar kroner i fjor, og resultat før skatt enda på solide 2,1 millionar kroner.

Det gjorde avisa til det 3. største av Polaris-selskapa på Nordvestlandet. Møre-Nytt i Ørsta var den mest lønnsame av avisene i konsernet i fjor, viste NETT NO sin bransjeoversikt tidlegare i år.

Publisert: 29.11.2023 10:54

Sist oppdatert: 29.11.2023 10:54

Mer om