Svein Aam Møre Nytt foto Ogne
PENGEMASKIN-SJEFEN: Svein Aam er ansvarleg redaktør for Møre-Nytt, men har varsla at han gir seg for å jobbe som sjølvstendig journalist med fiskeri, havbruk og maritimt næringsliv. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Pengemaskina mellom lokalavisene

Svein Aam har i fleire år leia Møre-Nytt med ei lønnsemd få i bransjen matchar. Sjå årets bransjeoversikt

Marius Rosbach
29.08.2023

NETT NO-barometeret:

Årets bransjeoversikt for lokalavisene på Nordvestlandet, viser ein vekst for bransjen i omsetning – og ein rekke av mediebedriftene leverer svært gode resultat.

Sjå resultat-tabell under saka

Om lag ein tredel av dei 22 lokalavisene i oversikten har levert resultatmarginar på over ti prosent dei tre siste åra.

Øvst på resultatlista er Møre-Nytt i Ørsta som har klart å levere ein resultatmargin over 20 prosent i perioden 2020-2022.

Vestlandsnytt er næraste til å klare det same - med to år over 20 prosents resultatmargin, medan Nyss og Vikebladet har levert lønnsemd over 20-talet eitt år kvar.

Under vignetten NETT NO-barometeret, der vi ser på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er tredje artikkel.

2022 vart rekordår
– Dei tre siste åra har vore veldig gode, og ein resultatmargin på par-og-tjue-prosent trur eg ikkje så mange i bransjen har klart, seier ansvarleg redaktør i Ørsta-avisa Svein Aam til NETT NO.

Han påpeiker at fjorårsresultatet også vart oppnådd utan pressestøtte.

– Det er relativt sett det beste resultatet, legg han til.

Første eineleiar i avisa
Svein Aam kom inn i redaktørjobben som også inkluderer ansvaret som dagleg leiar frå 2017. Då var han første sokalla eineleiar i den Polaris-eigde avisa.

Ørstingen trur ikkje det har så mykje å seie for resultata, bortsett frå at det sparer bedrifta for ei halv leiarlønn.

I tillegg til ein hardtarbeidande stab, trekkjer han fram tidlegare effektiviseringsgrep. Heile Polaris-konsernet gjekk gjennom fleire rundar med reduksjon i bemanning og kostnader i åra før Aam tok over sjefsstolen.

– Eg kom til ein organisasjon og bedrift som var ganske strippa og strigla – og så har eg gjennomført med den planen som låg der, seier han.

Nye lokaler og to-dagars-avis
Effektiviseringsrundene som Polaris-avisene gjennomførte den gong ligg til grunn for dei gode resultata til avislokomotiva i regionen - Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke dei siste åra.

I 'Møre-Nytt er kostnadene redusert vidare ved at avisa flytta til nye lokale, i tillegg til at overgangen frå tre- til to-dagars-avis har kutta utgiftene i løpet av desse tre åra.

Ein stabil annonsemarknad lokalt har bidrege til å halde inntektene oppe – samtidig som abonnementstala har auka, påpeiker Aam.

Ser fleire mørke skyer
No ser den avtroppande redaktøren fleire mørke skyer i sikte for bransjen.

– Som alle andre i bransjen merkar vi er «vêrskifte» i annonsemarknaden no. Saman med distribusjonskostnadene er det den mørkaste skya på kostnadssida.

– Saman trur eg dei vil påverke bransjen ganske mykje framover, legg han til.

Jobbar meir på tvers i konsernet
Sunnmørsposten eig kring halvparten av avisene som kjem ut på Nordvestlandet. Direktør for lokale mediehus Frank Støyva Emblem legg ikkje skjul på at 2023 blir meir utfordrande for mange av lokalavisene deira.

– Det er klart at vi merkar det er tøffare tider, noko som også er heilt naturleg slik verda ser ut. Samtidig står vi ganske greitt i situasjonen og jobbar knallhardt for å levere, fortel han til NETT NO.

Emblem fortel at konsernet samarbeider stadig meir på tvers av dotteravisene. Til eksempel skjer brekkinga, eller den grafiske utforminga av avisene, i større grad i Ålesund.

Annonsane blir selt av seljarar som er tilsett i dei ulike lokalavisene, men blir produsert av eit selskap i Nord-Norge. Resultatet kan gjerne bli køyrt i fleire av avisene, om kundane går på tvers av dekningsområda.

NETT NO resultatvinnar med pressestøtte
Bransjeoversikta viser at samla omsetning for lokalavisene på Nordvestlandet gjekk litt opp i fjor, frå 413 millionar i 2021, til 417 millionar kroner.

Og den viser god lønnsemd for store delar av bransjen. I fjor leverte ti av 22 aviser driftsmarginar over 10 prosent.

Lønnsemda var likevel på fallande kurs frå 2021 til 2022. Samla resultat før skatt for alle lokalavisene i oversikta fall frå 57,8 til 42,7 millionar kroner.

Oversikta inkluderer NETT NO (Mellom Bakkar og Berg Media) som hadde eit ekstraordinært resultat i fjor grunna etterbetaling av pressestøtte på nær 2,8 millionar kroner.

Utan den inntekta gjekk drifta i Mellom Bakkar og Berg Media med kring 100.000 kroner i pluss før skatt i fjor.

Les fleire resultatsaker under tabellen

Aviser på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner

DriftsinntektRes. f. skatt
Selskap2022202120222021
Sunnmørsposten*136,3140,512,821,8
Romsdals Budstikke*85,285,59,515,8
Fjordenes Tidende*18,017,42,11,6
Fjordingen*17,216,32,02,5
Møre-Nytt*16,415,93,93,5
Vikebladet Vestposten*14,3142,82,8
Vestlandsnytt*14,113,43,13,1
Åndalsnes Avis*13,413,72,01,9
Mediehuset Nyss (Nyss)*13,211,72,71,4
Fjordabladet*12,311,81,11,5
Avisdrift Gloppen (Firda Tidend)12,311,50,80,5
Aarflots Prenteverk (Møre)11,711,40,20,7
Bygdebladet9,810,7-0,70,1
Media Vest (Nytt i Uka)*8,810,3-2,9-0,9
Bakkar og Berg Media (NettNo)**6,13,12,9-0,1
Nordre5,85,50,10,2
Sulaposten4,64,70,20,2
Synste Møre4,24,00,30,2
Vestnesavisa4,23,9-0,10,4
Øy-Blikk3,63,2-0,10,1
Midsundingen2,92,40,10,3
Storfjord Bladlag (Storfjordnytt)2,82,8-0,10,2
SUM417,2413,742,757,8
*Eigd av Polaris Media-konsernet
**Bakkar og Berg Media fekk etterbetalt 2,8 millionar kroner i produksjonsstøtte frå Medietilsynet for åra 2020, 2021 og 2022 etter å ha fått medhald i klage på tidlegare avslag. Den produksjonsstøtta er bokført i 2022-rekneskapen.

Publisert: 29.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.08.2023 21:32

Mer om