Eigarane garanterer for Ecobait-satsing
Eigarane garanterer for vidare drift av agnselskapet Ecobait i Måløy etter nytt år i minus.
På ein presentasjon i Måløy i august 2021 sa dagleg leiar og medeigar Ole Petter Humborstad at selskapet håpte å kunne halde oppe framdrifta og skaffe kapital til selskapet.
Då var forventingane at kor stort eit fabrikkbygg for agnproduksjon skulle bli skulle vere avklart innan ein månad. Slik gjekk det ikkje.
No seier Humborstad han kan kome tilbake med kommentarar på eit seinare tidspunkt.
Forsking og utvikling
Ecobait blei etablert i 2013, og har fram til no vore eit selskap som har arbeidd med forsking og utvikling.
Selskapet har 20 eigararar, mellom dei ei rekkje fiskebåtreiarlag, som også har vore med i arbeidet med å utvikle agn og produksjonsmetodar.
Både i 2020 og 2021 er inntektene til selskapet offentleg støtte til utvikling, der målet mellom anna er å basere seg på norske råvarer i agnproduksjonen.
Garanterer for drift
"Selskapet ser nå ut til å nærme seg kommersialisering for noen agntyper" heiter det i Ecobat si årsmelding for 2021.
Ifølgje årsmeldinga har selskapet stram likviditet og ein bokført negativ eigenkapital. To av aksjonærane har garantert for eit banklån på 1,2 millionar kroner og selskapet er sikra drift i alle fall ut dette året.
"Selskapets aksjonærer garanterer for videre drift ut 2022", heiter det i årsmeldinga.
Det langsiktige målet til Ecobait er å ha ein fabrikk som kan produsere 30.000 tonn agn om året - meir enn agnforbruket til den norske fiskeflåten som fiskar med line og teine, ifølgje selskapet sin presentasjon i fjor.
Ecobait as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 12,0 | 16,9 |
Driftsresultat | -2,5 | -1,2 |
Resultat før skatt | -2,6 | -1,3 |
Publisert: 17.06.2022 08:51
Sist oppdatert: 17.06.2022 08:52