Skjermbilde 2022 11 30 kl 14 17 21
GOD DRIFT, HØG GJELD: Jesper Melin Ganc-Petersen vart intervjua i NETT NO-magasinet 2014. Han er grunnleggaren av selskapet som i dag heiter Convene, og som leverer betalingsterminaler og handterer betalingskrav for legekontor landet rundt. No er det krise i Convene-systemet på grunn av store låneopptak.
Nytt

Eigarane gir frå seg aksjar

Långivarane arbeider med redningsplan for Convene Holding som slit med milliardgjeld.

30.11.2022

Med 1,35 milliardar kroner i lån som selskapet ikke greier å betale attende innan fristen treng Convene Holding hjelp frå långivarane for å klare seg.

Convene Holding eig Convene, tidlegare Melin Medical, med hovudkontoradresse på Sandane.

Convene levere betalingsterminalar og handterer betalingskrav for legekontor landet rundt.

Driftselskapet leverer solide resultat og har gått med overskot kvart år sidane starten, men milliardgjelda gjer at eigarselskapet Convene Holding vaklar.

Det kriseråka Convene Holding er eigd av selskapet Convene Invest, som no har inngått ein sal/tilbakekjøpsavtale for aksjane sine i Convene Holding, ifølgje børsmeldinga.

Avtalen inneber at det no er stiftinga Refectio som har kontrollen over aksjane i Convene Holding inntil vidare. Refectio er ei stifting oppretta av Nordic Trustee - som forvaltar interessene til långivarane i obligasjonsmarknaden - for å vere eit reiskap for å handtere situasjonar som denne.

Lånte for å kjøpe
Største aksjonær i Convene Invest er Codee Holding, selskapet til Convene-grunnleggar Jesper Melin Ganc-Petersen.

Han klekte ut ideen til Melin Medical medan har var fastlege på Sandane.

Milliardgjelda, som no er problemet, skriv seg frå 2017.

I 2017 selde Ganc-Petersen og dei andre Melin Medical-eigarane selskapet til eit nytt lånefinansiert selskap i ein transaksjon som verdsette selskapet til 1,7 milliardar kroner.

600 millionar vart skote inn i det nye selskapet, medan resten gjekk til eigarane. Det frigjorde over ein milliard kroner, samstundes som fleirtalet av dei opphavlege eigarane vart med vidare, skreiv Dagens Næringsliv i 2017.

Publisert: 30.11.2022 14:51

Sist oppdatert: 30.11.2022 22:07