Aurvoll og furesund foto Aurvoll og Furesund
FURESUND ER UTE: Furesund blir med vidare i firmanamnet, men ikkje på eigarsida i Aurvoll og Furesund. Foto: Aurvoll og Furesund
Nytt

Eigarendring i Aurvoll og Furesund

Birger Furesund er kjøpt ut av entreprenørselskapet.

18.01.2023

Aurvoll og Furesund i Herøy held fram under same namn, men utan Birger Furesund som medeigar.

Avtalen vart gjort ved årsskiftet 2021/2022 og sjølve handelen gjennomført sommaren 2022, seier Furesund til NETT NO.

Han eigde 33,577 prosent av entreprenørselskapet med base i Herøy, og selde seg ut i samband med at han nådde pensjonsalder.

Medeigarar og tilsette
Det er Furesund sine medaksjonærarar, Erik Aurvoll, Elisabeth Aurvoll og dagleg leiar Eivind Lars Berge, som kjøpte ut Furesund, saman med to tilsette i selskapet, Sigita Prunskaite-Balkeviciene og Kay Terje Myklebust.

Partane ønskjer ikkje å opplyse kjøpesummen.

Noko å gjere
- No ser det bra ut, med god ordrereserve, seier dagleg leiar Eivind Lars Berge om marknadssituasjonen for entreprenørselskapet.

I 2021 hadde selskapet 109 millionar kroner i driftsinntekter og eit overskot før skatt på 6,4 millionar kroner. Då NETT NO i april i fjor skreiv om 2021-resultatet var Berge uviss på utviklinga hausten 2022, mellom anna fordi potensielle kundar nølte med å sette i gang prosjekt.

Selskapet har i dag 35 tilsette.

Publisert: 18.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 18.01.2023 00:53

Mer om